339532_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/arbkonfl/aar
339532
statistikk
2018-05-02T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidsmiljø, sykefravær og arbeidskonflikter, Arbeid og lønn
true

Arbeidskonfliktar

Fra 6. november 2018 publiseres statistikken sammen med Fagforeiningsmedlemmer og streikar.

Oppdatert

Nøkkeltall

8 942

tapte arbeidsdager som følge av streik eller lockout i 2017

Hovudtal om arbeidskonfliktar (streik og lockout)
2014201520162017
Arbeidskonfliktar1071410
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt8 9838318 858401
Tapte arbeidsdagar148 00925 329165 7988 942

Om statistikken

Med arbeidskonflikt meines ein mellombels arbeidsstans (som følge av streik eller lockout) av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år reknes ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. I år med mellemoppgjer, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Med arbeidskonflikt meines ein mellombels arbeidsstans av minst ein dags varigheit. Talet på konfliktar per år reknes ut frå talet på forbund som har hatt grupper av arbeidstakarar i ein arbeidskonflikt. Ein konflikt som er avbrote, men som seinare vert oppatt teke av same grunn, telles som ein konflikt om ikkje avbrotet går over to månadar. Over denne tid skal den telle som ny konflikt. Ein konflikt som er oppstått eit år og som fortsetter neste år skal tas med i begge åra.

I utgangspunktet skiljes det mellom to ulike hovudtypar av arbeidskonfliktar, streik og lockout. Med streik meines nedlegging av arbeidet frå de tilsettes side. Streik er et middel som vanlegvis brukast i ein konflikt mellom ein fagforeining o.l. og ein eller fleire arbeidsgivarar for å presse frem bere lønns- og arbeidsvilkår. Følgjande typar streikar er med i statistikken: Lovlige streikar, ulovlige streikar, sympatistreikar, politiske eller proteststreikar, generalstreikar, arbeidsstopp sett i stand av tilsette. Lockout som konfliktmiddel er arbeidsgivarsidas svar på streikar. Ein lockout inneber at arbeidstakarar utestenges frå arbeidet inntil partane er blitt einige om ein måte å løyse usemje på.

Arbeidstakarar med tal på arbeidstakarar som blir involverte av konflikten meines fast tilsette, mellombels tilsette, sesongarbeidarar og deltidstilsette. Deltidstilsette blir talt som individ på same måte som heiltidstilsette. Tilsette som er fråverande grunna sjukdom eller permisjonar samt ubetalte familiemedlemmer er ikkje med i statistikken.

Talet på tapte arbeidsdagar

Varigheita av ein konflikt målas i talet på tapte arbeidsdagar, dvs. virkedagar per uke for den aktuelle gruppa i konflikt, ikkje kalenderdagar.

Standard klassifikasjonar

Næringsgruppering. Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næringer i henhold til Standard for næringsgruppering (SN 2002), som er den norske versjonen av den internasjonale standarden International Industrial Classification (SIC94).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Arbeidskonfliktar
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Internasjonal rapportering

ILO

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje eit oversyn over talet på konfliktar, tapte arbeidsdagar og talet på tilsette som er involvert i konfliktane. Statistisk sentralbyrå (SSB) har sidan 1922, med unntak av årene 1940 - 1944, utarbeidd årleg statistikk over arbeidskonfliktar.

Brukarar og bruksområde

Sentrale brukarar er forskings- og utreiingsinstitusjonar samt media.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre  lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Frivillig undersøking.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar arbeidskonfliktar som involverer tilsette eller ein eller fleire arbeidsgivarar. Ein arbeidskonflikt definerast som ein mellombels arbeidsstans bevisst sett i verk av ei gruppe arbeidarar (streik) eller av ein eller fleire arbeidsgivarar (lockout) for å tvinga gjennom eit krav.

Datakjelder og utval

SSB sitt skjema "Medlemstal i arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar og arbeidskonfliktar, oppgåver frå Næringslivets Hovudorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. SSB sitt Verksemd- og føretaksregister (VoF) brukast for å kartleggja populasjonen via næringskoden.

Totalteljing. SSB sender skjema til alle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane som hjelper sine medlemer med tariffavtalar og lønnsforhandlingar samt hovudsamanslutningane dei einskilde organisasjonane tilhører.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken er ein frivillig skjemaundersøking med teljingstidspunktet 31.12. i det året statistikken gjeld for.

Det blir foretatt manuelle kontrollar for å sikre konsistens i datamaterialet frå år til år. Ved tvil og usemjande opplysningar frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane vert organisasjonane kontakta. Statistikken vert i tillegg kontrollert opp mot opplysningar om arbeidskonfliktar som Riksmeklingsmannen har registrert og mekla i.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken kan samanliknast tilbake til 1977.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ein mogleg feilkjelde er feilrapportering frå oppgåvegivar (skrivefeil) eller at dei er sjølve er usikre på talet på tilsette som streikar og tapte arbeidsdagar. Skjema blir manuelt utfylt. Ein annen mulig feilkjelde er handsamingsfeil hos SSB.

Statistikken byggjer på ei totalteljing og vi unngår dermed uvisse forbunde med utvalsvarians og fråfall forbunde med utvalsundersøkingar.

Regiseterfeil: Ei mogleg feilkjelde er at alle organisasjonane ikkje har korrekt næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret (VoF), og av den grunn ikkje kjem med i tellinga.

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside

Kontakt