104499_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
104499
Folkeveksten bremser noko opp
statistikk
2014-02-20T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring4. kvartal 2013

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folkeveksten bremser noko opp

Ved årsskiftet var det registrert 5 109 000 busette i Noreg, 57 800 fleire enn ved førre årsskiftet. Veksten har dermed minka med 7 600 sidan 2012, og vi må attende til 2007 for å finne svakare vekst i absolutte tal. Nettoinnvandringa frå utlandet stod for 69 prosent av folkeveksten.

Folkemengd og endringane i kvartalet
4. kvartal 20134. kvartal 2012 - 4. kvartal 2013
AntalProsent
Folketalet ved inngangen av kvartalet5 096 30058 1631,2
Fødde13 425-296-2,2
Døde10 462-251-2,3
Fødselsoverskot2 963-45-1,5
Innvandring17 956-660-3,5
Utvandring8 334120,1
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring9 622-672-6,5
Folkevekst12 756-382-2,9
Folketalet ved utgangen av kvartalet5 109 05657 7811,1

Befolkningsveksten var 1,1 prosent i 2013, og mindre prosentvis folkevekst har vi ikkje hatt sidan 2006. Nettoinnvandringa frå utlandet minka med 7 200 frå 2012 til 2013 (ned frå 47 300 til 40 100) og har ikkje vore lågare sidan 2009. Nettoinnvandringa dei siste fem åra er likevel høg, nær 80 000 fleire, enn i den førre femårsperioden. Det vart registrert 75 800 flyttingar til Noreg frå utlandet i 2013, som er 2 800 færre enn året før. 35 700 flytta frå landet. Det er 4 500 fleire personar enn førre året. Personar som er i landet kortare enn seks månader, vert ikkje registrerte og er difor ikkje medrekna i desse tala. Ein del av utvandringane siste året gjeld personar som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå til folkeregisteret. Skattedirektoratet har for tida ei opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerer desse personane.

Lågare fruktbarheit, om lag uendra levealder

I 2013 vart det fødd 59 000 born i Noreg. Dette er om lag 1 300 færre enn førre året. 41 300 personar døydde, 700 færre enn i 2012. Sett under eitt vart difor fødselsoverskotet 550 lågare i 2013 enn i 2012, og det er også noko lågare enn dei seinare åra. Det var fødselsoverskot i alle fylka, bortsett frå i dei tre østlandsfylka Hedmark, Oppland og Telemark, der det også har vore fødselsunderskot dei seinare åra. Nordland hadde så vidt eit fødselsoverskot, det vart fødd 70 fleire enn det døydde. Som dei førre åra er fødselsoverskotet størst i Oslo og Akershus (8 100 samla) samt i Rogaland og Hordaland (5 600 samla). I høve til folketalet er overskotet klårt størst i Oslo og Rogaland.

Samla fertilitetstal for 2013 var 1,78, i 2012 var det 1,85, i 2011 var talet 1,88 og i 2010 1,95. Like fullt er Noreg framleis eit av landa i Europa med høgast fertilitet.

Det var liten auke i levealderen for menn og kvinner. Ein gut som vart fødd i 2013, kan rekne med å leve i 79,7 år, medan ei jente kan vente seg 83,6 år. Dette er ein skilnad på nokre få månader frå førre året.

Stor, men minkande innvandring frå Europa

Nettoinnvandringa av utanlandske statsborgarar minka frå 48 700 i 2012 til 41 900 i 2013. Av dette var 25 800, eller 62 prosent, nettoinnvandring av europeiske statsborgarar. I 2012 var talet høgare, 30 900. Nettoinnvandringa av ikkje-europeiske statsborgarar gjekk også ned frå 17 800 i 2012 til 16 100, eller til 38 prosent av nettoinnvandringa.

Statsborgarar frå ni land hadde ei nettoinnvandring på meir enn 1 000, og seks av desse landa er europeiske. Polske og litauiske statsborgarar var framleis dei to klårt største gruppene og utgjorde i alt nær helvta av dei europeiske statsborgarane. Arbeid og familie er hovudårsaker til innvandringa.

Nettoinnvandringa av spanske statsborgarar gjekk ned frå 1 200 i 2012 til 1 100 i 2013, og dei var då sjuande største gruppa. Personar med flyktningbakgrunn frå Eritrea og Somalia utgjorde høvesvis den tredje og fjerde største gruppa. Nettoinnvandringa av svenske statsborgarar gjekk frå ellevte største i 2012 til niande største i 2013, sjølv om nettoinnvandringa frå Sverige var om lag like høg. Også nettoinnvandringa frå Somalia og Eritrea minka i løpet av 2013, frå 5 700 til 5 200.

Mellom dei tre landa det kom flest statsborgarar frå, var det store skilnader i nettoinnvandringa. Det var stor nettoinnvandring av polske og litauiske statsborgarar fordi relativt få statsborgarar frå desse landa flytta ut. Frå Sverige var det relativt liten nettoinnvandring då heile 4 200 svenske statsborgarar flytta ut.

Oslo, Akershus og Rogaland på toppen i folkevekst

Folketalet voks i alle fylka i 2013. Oslo hadde størst folkevekst, med i alt 10 500 personar, eller 1,7 prosent, og dette er berre om lag 200 færre enn året før. Andre fylke der folketalet veks kraftig, er Akershus og Rogaland. Innbyggjartalet i Akershus voks med 9 400 og Rogaland med 7 500. Svakast vekst hadde ein i Sogn og Fjordane med berre snaue 300 personar og i Telemark og Oppland; begge fylka hadde om lag 600 i folkevekst. I nokre fylke, som Oslo og Sogn og Fjordane, var folkeveksten om lag likt fordelt mellom fødselsoverskot og nettoinnflytting, medan nettoinnflyttinga stod for heile 95 prosent av veksten i Østfold og Nordland. I Hedmark, Oppland og Telemark, der det døydde fleire enn det vart fødd, vóg nettoinnflyttinga opp for dette, slik at ein likevel hadde ein folkevekst. I desse fylka stod nettoinnflyttinga for all veksten.

Stor innanlandsk nettoinnflytting til Akershus og Østfold

Alle fylka hadde netto innflytting. I absolutte tal var nettoinnflyttinga også i år størst i Akershus. Prosentvis var ho like stor i dei to fylka Akershus og Buskerud.

For å sjå på skilnader mellom fylka kan ein dele flytting inn i to grupper: flytting frå og til utlandet samt innanlandsk flytting. Nettoinnvandringa var i 2013 størst for Oslo (6 200), Hordaland og Rogaland, (4 300 til kvart av dei to vestlandsfylka). I prosent av folketalet var ho derimot størst i dei tre nordlegaste fylka, og aller størst i Finnmark med 1,3 prosent. Desse tre fylka saman med Oslo hadde ei nettoinnvandring på 1 prosent eller meir. Nettoinnvandringa frå utlandet vóg opp for innanlandsk flyttetap og fødselsunderskot. Folketalet voks i alle fylka i landet, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått attende i 9 av dei 19 fylka, og då mest i Nordland, Oppland og Sogn og Fjordane.

8 av fylka hadde overskot av innanlandsk flytting – det flytta fleire inn frå resten av landet enn det flytta folk ut til dei andre delane av landet – men det var berre eitt område som skilde seg ut: Akershus og Østfold hadde til saman eit innanlandsk flytteoverskot på 5 000 personar. Dette er fylke der ein i tillegg til eigne arbeidsplassar har kort pendlaravstand til Oslo. Dei andre 11 fylka hadde innanlandsk nettoutflytting – det flytta fleire ut til dei andre delane av landet enn det flytta folk inn frå resten av landet – og særleg var flyttetapet stort i Oslo og Nordland. I prosent var flyttetapet størst i Sogn og Fjordane fylgd av dei tre nordlegaste fylka, medan ein såg den største relative flyttevinsten i Østfold, tett føre Akershus.