6286_om_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6286_om
statistikk
2015-11-13T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
true
Statistikken inneheld endringstal i folkemengd per kvartal. Folketalet i Noreg var 5 205 434 1. oktober.

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2015

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Folkemengde og befolkningsendring
Emne: Befolkning

Ansvarleg seksjon

Seksjon for befolkningsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Folkemengd: Alle tal gjelder heimehøyrande (de jure) folkemengd. Kven som skal reknas som busett i Noreg og kor i Noreg ein person skal reknas som busett, er fastlagt i lov om folkeregistrering av 16. januar 1970. Forskriftene til loven blei sist endra med verknad frå 1. oktober 1998. Bosatt i Om statistikken for folkemengde

Folketilvekst: Det er to måtar å berekne folketilvekst på; 1) summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, eller 2) differensen av folkemengd 1.januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober (eller 1. januar år n). Ideelt sett skulle dei to måtane gje same resultat. Lang erfaring har synt at det alltid er eit avvik i befolkningsrekneskapet, noko som skyldast korreksjonar, annulleringar, forsinka meldingsgang osb.

I all kvartalsstatistikk fram til 4. kvartal 2005, og alle førebels endringstal for heile året til og med 2004 har folketilveksten blitt rekna som summen av fødselsoverskot og nettoflytting, og gitt grunnlag for førebels folketal. Folketalet 1. april, 1. juli og 1. oktober vil halde fram med å bli berekna på dette viset. Fordi førebels tal er erstatta av endelege tal for folkemengd frå 1. januar 2006 vil folketilveksten for eit år i alle samanheng bli rekna som folkemengd 1. januar år n+1 minus folkemengd år n, og tilsvarande vil folketilveksten for 4. kvartal bli rekna som folkemengde 1. januar år n+1 minus folkemengd 1. oktober.

Fødselsoverskot: Fødde minus døde, òg kalla "naturleg folketilvekst". Minusteikn tyder fødselsunderskot.

Fødde: Levendefødde.

Innflyttingar, utflyttingar: Som flytting reknas flytting for ein person mellom to norske kommunar eller mellom ein norsk kommune og utlandet. Viss ein person flyttar fleire gonger innan same kalenderår, tel kvar gong som ei flytting. I flyttetala for fylker er flyttingar mellom kommunane i fylket ikkje rekna med.

Nettoinnflytting: Innflyttingar minus utflyttingar. Minusteikn tyder netto utflytting.

Opprydding i folkeregisteret. Personar som er i landet kortare enn seks månader vert ikkje registrerte og er difor ikkje rekna med i desse tala. Skattedirektoratet har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret som utregistrerar personar som har flytta frå landet for lengre tid sida utan å melde frå til folkeregisteret. Dei siste åra har ei slik opprydding vore vanleg. 

Standard klassifikasjonar

"Land og statsborgarskap"

Standard for kommuneinndeling

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Landet, fylker og kommunar

Kor ofte og aktualitet

Kvartal

Statistikken blir publisert ca 6 veker etter referansetidspunkt, som er 1. januar, 1. april, 1. juli og 1. oktober

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Kvartalsstatistikken inneheld aggregerte opplysningar og blir bare korttidslagra. Folkemengd og dei endelege endringstala heile året blir langtidslagra

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken skal, saman med andre emne innan befolkningsstatistikken, vere med på å syne endringar som finn stad, og som difor verkar inn på befolkningas samansetting.

Kvartalsvise og årlege befolkningsendringar skal vise endringar i utviklinga av befolkninga. Endringane omfattar hendingar som fødslar, dødsfall og flyttingar, samt totalt folketal.

Medan SSB på grunnlag av folkeregistermateriale har laga årleg statistikk over utviklinga i befolkninga frå og med 1951, har SSB sidan 1974 også laga kvartalsvis statistikk over fødde, døde, flyttingar og folketal.

Brukarar og bruksområde

Statistikken har eit vidt spekter av brukarar og bruksområde, som forskningsmiljøer innan demografi og levekår, offentleg forvalting, massemedia og privatpersonar.

Samanheng med annan statistikk

Kvartalstala blir aldri revidert, og lagas som ein hurtigstatistikk. Summen av dei fire kvartala vil difor aldri bli heilt lik dei endelege tala for heile året som publiseras i slutten av februar.

Folkemengd

Fødte

Døde

Flytting

Befolkningsendringar i kommunane frå 1951 og framover .

Lovheimel

Statistikkloven §§ 2-1, 2-2,3-2

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Alle tal gjeld personar registrert busett i Noreg ved hendinga/teljingsdagen.

Kvartalstal 1985-1999:

Tala for endringar i siste kvartal byggjer på meldingar om hendingar i kvartalet (fødslar, dødsfall, flyttingar) som gjaldt personar busett i Noreg, og som blei motteke seinast éin månad etter slutten av kvartalet. Meldingar som kom seinare, blei ikkje teke omsyn til, så sant det ikkje blei nevnt i fotnote.

Hendingar som fann stad i tidlegare kvartal innan same kalenderår, blei teke med i "endringane hittil i 19xx". Desse hendingane blei det også teke omsyn til i folkemengda ved inngangen til siste kvartal (omtala i fotnote).

I perioden 1985-1999 omfatta altså statistikken bare hendingar som faktisk fann stad innan kalenderåret, og altså ikkje meldingar om hendingar i tidlegare år som kom for seint til å bli teke med i statistikken.

Kvartalstal frå og med 2000:

Frå og med 1. kvartal 2000 blei òg for seint innkomne meldingar med i kvartalstala. I tillegg til hendingar som faktisk fann stad i det aktuelle kvartalet, tek ein og med alle meldingar motteke meir enn éin månad etter slutten av førre kvartal, og som gjaldt hendingar i alle tidlegare år og i tidlegare kvartal i inneverande år.

Eit resultat var at tala i kvartalsstatistikken for folkemengd blei meir i samsvar med seinare publiserte tal for folkemengd enn det dei var tidlegare, ettersom registeret (DSF) blir oppdatert fortløpande, også med seint mottekne meldingar.

Førebelse tal for folkemengd og endringstal for året fram til 2004

Eit resultat av summen av dei fire kvartalsstatistikkane har frå og med 2000 til og med 2004 blitt publisert som førebelse årstal for fødde, døde, flyttingar og folkemengd ved inngangen til nytt år fram til endelege tal har blitt utarbeidd. Tidlegare, før 2000, blei det også publisert tilsvarande førebelse tal for heile året, men desse blei ikkje rekna som summen av dei allereie publiserte tala for 1. til 4. kvartal. Framgangsmåten var litt annleis. Tala som var publisert for første kvartal blei først publisert. Lenger ut på året da tal for andre kvartal blei publisert blei tala for første kvartal enda meir oppdatert, og når tredje kvartal blei publisert var andre kvartalstala noko meir oppdatert. Slik blei og tala for tredjekvartal enda meir oppdatert. Summen av fjerde kvartal og dei meir oppdaterte tala for første til tredje kvartal blei publisert som førebelse tal for heile året fram til 2000.

Endelege tal for folkemengd og endringstal frå og med 2005:

Det førebelse folketalet ved siste årsskifte og endringstala for kalenderåret 2005 og seinare år har blitt erstatta med endelege tal av di det er mogeleg å gjøre dei nødvendige kontrollar tidlegare enn før.

Folketilveksten frå 2005 er satt lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. januar 2005. Tilsvarande er folketilveksten i 4. kvartal lik differansen mellom folkemengd 1. januar 2006 og 1. oktober 2005. Da førebelse folketal (også kvartalstal, medrekna 4. kvartal) blei publisert tidlegare, blei folketilveksten rekna som summen av fødselsoverskot og nettoinnflytting, og ga grunnlaget for førebels folketal. Alle seinare folketal for 1. april, 1. juli og 1. oktober vil bli berekna slik.)

Dei to visa å berekne på som er nemnt ovafor skulle ideelt sett gi same resultat, men ut frå tidlegare erfaring blir det kvart år eitt visst avvik i "befolkningsrekneskapen" på grunn av forsinka meldingar, annulleringar, korreksjonar o.a.

Datakjelder og utval

Statistikken byggjer på folkeregisteropplysningar.

Etter 1946 har det i kvar einskild kommune vært eit lokalt folkeregister som skal føre register over alle busette i kommunen i samsvar med lov om folkeregistrering og forskrifter til loven. Frå 2005 er arbeidsmåten i folkeregistra endra, og det er no 97 større registereiningar som dekkjer registreringa for fleire kommunar i kvart fylke. Folkeregistra får meldingar om fødslar, dødsfall, giftarmål, skilsmisser, flyttingar med vidare frå ulike kjelder for dei kommunane dei dekkjer registreringa for.

Det sentrale personregisteret (DSP) ble bygget opp i årene 1964-1966 med utgangspunkt i folketeljinga i 1960, samstundes som det 11-sifra fødselsnummeret blei innført som identifikasjon. Registeret inneheld dei som deltok i folketeljinga, og seinare alle som har vært busett i Noreg frå og med 1. oktober 1964. I 1995 overtok Det sentrale folkeregister (DSF) i Skattedirektoratet som offisielt register. Sentralkontoret for folkeregistrering administrerer DSF (og før det DSP). Kontoret ble frå 1991 overført frå Statistisk sentralbyrå til Skattedirektoratet.

Sidan 1968 har registeret (DSP, seinare DSF) gitt grunnlag for å utarbeide årlege statistikkar (kvartalsstatistikk sidan 1974) over befolkninga og befolkninga si samansetjing. For åra før 1968 blei folketal berekna på grunnlag av folkemengd ved dei 10-årlige folketeljingane, og tal for fødde og døde og tilgjengelege flyttetal for åra mellom.

Oppdateringa i Det sentrale folkeregister blir utført til dels ved de lokale folkeregisterkontora, som er knytte til registerbasen (DSF) via terminalar, delvis sentralt i Skattedirektoratet. Grunnlaget for statistikken over endringar i befolkninga er elektroniske kopiar til Statistisk sentralbyrå av alle slike meldingar som oppdaterer registeret. Meldingane oppdaterer ein eigen befolkningsdatabase i Statistisk sentralbyrå som skal utvikle statistikk. Denne befolkningsbasen utgjer grunnlaget for befolkningsstatistikken.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til dei kontrollane som blir gjort i DSF, utfører SSB kontrollar for statistiske formål. Detaljerte opplysningar om kontrollar som blir gjort kan ein finne i dokumentasjon om i notatet; Uttak til befolkningsstatistikk fra populasjonsregisteret Bereg

Folkemengd (busette personar), levendefødde, døde, inn- og utflyttingar blir summert opp til kommunenivå.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

I alle kvartala for åra 1985-1999 omfatta statistikken hendingar som faktisk fann stad i kvartalet/året og ikkje meldingar frå tidlegare kvartal/år som kom for seint til å bli tatt med i statistikken for hendingskvartalet/-året. Frå og med 1. kvartal 2000 er dette endra til at alle for seint innkomne meldingar takas med i det kvartalet dei meldas. se Omfang.

På grunn av kommunesamanslåingar og -delingar, samt grensereguleringar, er ikkje kommune- og fylkestal alltid samanliknbare over tid. Se Juvkam, Dag (1999): "Historisk oversikt over kommune- og fylkesinndelingen 1838-1996", Rapporter 99/13, Statistisk sentralbyrå.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre feil i dataa er uunngåelege. Det kan vere kodefeil, revisjonsfeil, feil i databehandlinga osb. Det er utført eit omfattande arbeid for å minimalisere desse feila, og SSB meiner at desse feila er relativt ubetydelige.