Barn og unge. Barnehager
262 000 har barnehageplass

Barnehagar, etter eigarform. Heile landet. 2008. Absolutte tal

  • Totalt hadde 262 000 barn i alderen 0-6 eit barnehagetilbod i 2008.
  • For aldersgruppa 1-5 år var dekningsgraden på 87,2 prosent.
  • Det vart registrert 3 100 offentlege og 3 600 private barnehagar i Noreg per 15.desember 2008.
  • 1 770 heimar vart nytta til familiebarnehagar per 15. desember 2008. Det er 90 færre i høve til året før.
  • 22 200 barn i barnehagane hadde eit anna morsmål som ikkje var norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk.
  • Ved utgongen av 2008 var det om lag 81 500 tilsette som til saman utførte 65 200 årsverk i barnehagane.
  • Av dei 81 500 tilsette i barnehagane var 33 prosent styrarar og pedagogiske leiarar.

Statistikken omfattar alle godkjente barnehagar og omfattar alle eigartilhøve; kommunale-, fylkeskommunale-, statlege- og private barnehagar. Det vert gjeve opplysningar om talet på barn i barnehage per 15. desember, institusjonar, tilsette og årsverk.

Når det gjeld talet på barn er det gjeve opplysningar om alder og opphaldstid per veke i ordinære barnehagar, familiebarnehagar og talet på barn i open barnehage. Det vert gjeve opplysningar om talet på barn i høve til talet på tilsette og årsverk, og mengda barn i barnehage i høve til den aktuelle aldersgruppa, til dømes dekningsgrad for aldersgruppa 1-5 år, som er hovudmålgruppa.

   
Barn og unge. Barnehager
Tabeller


Statistikker

Barn i barnehager
Stadig flere barn i barnehage   (15.03.2010)  ->

Barnehager, egenbetaling, nivåtall
Barnehagesatser omtrent uendret   (19.06.2009)  ->



Annen statistikk i SSB




Publisert 1. september 2009 © Statistisk sentralbyrå