Salet av autodiesel passerte 3 milliardar liter i fjor

Publisert:

Endret:

Det vart selt 3,14 milliardar liter autodiesel i 2016, ein auke på 142 millionar (4,7 prosent) liter frå året tidligare. Det er første gang salet overstig 3 milliardar liter i løpet av eit år, viser tal frå statistikken Sal av petroleumsprodukt.

 

Samla sal av petroleumsprodukt enda på 8,79 milliardar liter i 2016, ein liten reduksjon på 0,4 prosent eller 36,4 millionar liter frå 2015.

Salet av bilbensin vart redusert med 22,5 millionar liter og enda på 1,16 milliardar liter selte liter. I 2007 vart det for første gang selt meir autodiesel enn bensin, og utviklinga har halt fram kvart år etter det, også i 2016. 

Salet av bilbensin flater ut

Dei fem siste åra har det vært ein jamn reduksjon i bensinsalet frå år til år på mellom 60 til 90 millionar liter. Frå 2015 til 2016 vart salet redusert med 22,5 millionar liter, noko som er ein langt mindre reduksjon i salet enn ein har sett frå år til år dei fem siste åra.       

Samla sal av bensin og autodiesel enda på 4,3 milliardar liter i 2016, ein auke på 119 millionar liter samanlikna med året før. Samla stod dei to produkta for om lag 49 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2016. 

Andelen biodrivstoff auka kraftig

Bensin og autodiesel blir tilsett biodrivstoff. Tal basert på oppgåver til Skatteetaten syner at det vart tilsett 463,2 millionar liter bioetanol og biodiesel i 2016. Dette ga ein innblanding på om lag 11 prosent for bilbensin og autodiesel. I 2015 var innblandinga på om lag 4,5 prosent. Det vart tilsett 62,5 millionar liter bioetanol som gjer ein bioandel på 5,4 prosent for bilbensin i 2016. For autodiesel vart det blanda inn 400,7 millionar liter som ga ein bioandel på 12,8 prosent. 

Registrerte kjøretøy

Tal frå statistikken for Registrete kjøyretøy frå Statistisk sentralbyrå syner at av alle registrerte personbilar, hadde 48 prosent dieseldrift ved inngangen til 2017. 44,9 prosent av personbilar nytta bensin som drivstoff. Det var litt under ein halv million varebilar og av desse nytta 93 prosent autodiesel som drivstoff.

Liten auke i salet av fyringsolje

I klimaforliket frå 2012 vart det foreslått forbod mot bruk av fossil fyringsolje frå 2020. Dette omfattar både fyringsolje og fyringsparafin. I 2010 vart det selt 552 millionar liter fyringsolje, i 2016 var salet 300 millionar liter lågare. Men ser ein på utviklinga frå 2015 til 2016 auka salet for første gang sidan 2010. Auken var på 6,7 millionar liter, som tilsvara 2,7 prosent.

Salet av fyringsparafin var på 36,2 millionar liter i 2016, ein reduksjon på 0,3 millionar liter eller 0,9 prosent. Salet av fyringsolje og fyringsparafin utgjer ein liten del av det totale salet av petroleumsprodukt. I 2016 utgjorde dei 3,3 prosent. 

Mindre bruk av tungolje og tungdestillat

I 2015 vart salet av tungdestillat og tungoljer over halvert samanlikna med året før. I 2016 helt reduksjonen i salet fram. Salet enda på 115 millionar liter, 25 millionar liter mindre enn i 2015. Det har vore politisk ynske om overgang til alternative type drivstoff med lågare svovelinnhald som er meir miljøvenlege. Internasjonale lovverk som forbyr bruk av drivstoff med høgt svovelinnhald, vart gjeldande frå januar 2015 og er mykje av årsaka til at salet vart kraftig redusert dei siste to åra. 

Andre petroleumsprodukt

Marine gassoljer stod for om lag 15 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt, og det vart selt 1,3 milliardar liter i 2016. Dette er 140 millionar liter mindre enn i 2015.

Det vart selt om lag 1,1 milliardar liter jetparafin. Dette er ein reduksjon på 36 millionar liter frå 2015. Sal av jetparafin stod for 12,4 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt i 2016.1

Figur 1. Sal av petroleumsprodukt 2016

Andre¹ Smøremidler Tungdestillat og tungolje Jetparafin Fyringsparafin Lett fyringsolje Marine gassoljer Anleggsdiesel Autodiesel Bilbensin
2009 780 69 618 790 69 460 1811 718 2339 1724
2010 848 63 549 969 81 552 1794 824 2524 1628
2011 795 70 509 1011 62 421 1856 841 2622 1489
2012 771 68 423 1082 47 357 1897 866 2730 1395
2013 545 71 397 1098 56 342 1745 921 2797 1307
2014 681 59 280 1171 39 247 1513 859 2901 1246
2015 706 49 139 1124 37 245 1477 880 2993 1177
2016 695 57 115 1088 36 252 1336 921 3135 1155

1 En setning ble fjernet.

Kontakt