113089
statistikk
2014-05-15T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengd og befolkningsendringar, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Fødte og døde, Folketall, Flytting, Innvandring og innvandrere, Befolkning
true

Folkemengd og befolkningsendringar1. kvartal 2014

Innhald

Stort fødselsoverskot i 1. kvartal

1. april budde det 5 124 400 personar i Noreg. Folketalsveksten på 15 300 er nær 3 000 meir enn i det same kvartalet i fjor. Både fødselsoverskotet og nettoinnvandringa vaks frå i fjor, fødselsoverskotet med heile 44 prosent og nettoinnvandringa med 17 prosent.

Folkemengd og endringane i kvartalet
1. kvartal 2014 1. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014
Antal Prosent
Folketalet ved inngangen av kvartalet 5 109 056 57 781 1,1
Fødde 14 380 212 1,5
Døde 10 335 -1 028 -9,0
Fødselsoverskot 4 045 1 240 44,2
Innvandring 19 133 185 1,0
Utvandring 7 851 -1 468 -15,8
Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring 11 282 1 653 17,2
Folkevekst 15 327 2 893 23,3
Folketalet ved utgangen av kvartalet 5 124 383 60 674 1,2
Figur 1. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartal
Figur 2. Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet per tusen av folkemengda. 1. kvartal 2014
Figur 3.  Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. kvartal 2014
Figur 1. Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst, 1. kvartalFigur 2. Nettoinnflytting. Innalandsk og frå utlandet per tusen av folkemengda. 1. kvartal 2014Figur 3.  Innvandring, utvandring og nettoinnvandring, etter statsborgarskap. 1. kvartal 2014

14 400 born vart født i 1. kvartal, noko som er på det same nivået som i alle åra sidan 1988. 10 300 døydde, og det var 1 000 færre enn i det same kvartalet førre året. Fødselsoverskotet på 4 000 var dermed det nest høgaste som er registrert sidan midten av 1970-talet.

19 100 personar innvandra, medan om lag 7 800 utvandra. Det gir ei nettoinnvandring på 11 300, som er 1 600 fleire enn i 1. kvartal i fjor, men dryge 2 000 færre enn for det same tidsrommet i toppåra 2011 og 2012.

Av dei 7 800 registrerte utvandringane gjeld 3 300– 42 prosent - personar som har flytta for lengre tid sidan. Dette er av di Sentralkontoret for folkeregistrering har ei pågåande opprydding i Det sentrale folkeregisteret, der ein utregistrerar personar som ikkje sende melding då dei utvandra. Dei siste åra har ein gjennomført denne typen opprydding, som verkar inn på tala for heile året, men i særleg grad for 1. kvartal. I 1. kvartal 2013 stod utregistreringane for 46 prosent av alle utvandringane, medan dei sto for 37 prosent av alle utvandringane for heile året sett under eitt.

Som dei seinare åra var den prosentvise folketalsveksten sterkast i Oslo, medan Troms, Vest-Agder, Rogaland og Akershus fylgde. Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane og Hedmark hadde framleis svakast vekst relativt sett. I reine tal var det dei to områda Oslo/Akershus og Rogaland/Hordaland som auka mest i folketal: høvesvis 6 300 og 3 100. Førre året var det samla talet for Oslo/Akershus 4 700, slik at auken i 1. kvartal i år utgjorde 36 prosent meir enn i fjor.

Oslo med størst fødselsoverskot

Som vanleg hadde Oslo i 1. kvartal i år det største fødselsoverskotet av fylka, også i høve til folketalet. Fødselsoverskotet var på 1 500. I Hedmark og Oppland samla døydde det 170 fleire enn det vart født. I fleire av fylka var fødselsoverskotet svært lite, og det samla talet for seks fylke (Østfold, Telemark, Aust-Agder, Sogn og Fjordane, Nordland og Finnmark) var berre 36.

Størst nettoinnvandring av polske statsborgarar

Som tala har vist dei ni siste åra, var polakkane den klårt største gruppa mellom dei utalandske statsborgarane som innvandra. Deretter fylgde svenske, litauiske og eritreiske statsborgarar.

Svenske og polske statsborgarar var også dei klårt største gruppene som utvandra frå Noreg i 1. kvartal: høvesvis 900 og 800. Ein må her ta omsyn til det som er nemnd tidlegare om utregistreringa av personar som ikkje lenger er busette. Det vil seie at desse tala også omfattar dei som har utvandra tidlegare utan å sende melding om dette, og som no har vorte utregistrerte.

Lista over dei 10 største nettoinnvandringslanda omfattar dei same statsborgarskapsgruppene i år som i fjor, med unntak av at Latvia er ute av lista og Syria er inne i staden. Det er ikkje store endringane i nettotala for dei ulike statsborgarskapsgruppene, men nettoinnvandringa av eritreiske statsborgarar gjekk opp frå 700 i 1. kvartal i fjor til 1 100 i den same perioden i år, medan den tilsvarande nettoinnvandringa gjekk ned for somaliske statsborgarar frå 600 til 400, og for filippinske statsborgarar frå 500 til 300.

Berre åtte fylke hadde innalandsk nettoinnflytting

Åtte av fylka hadde innalandsk nettoinnflytting, medan elleve hadde nettoutflytting, som førre året. Området Østfold/Akershus/Oslo hadde ei samla nettoinnflytting på 1 000. Heile resten av landet, dei 16 andre fylka, hadde dermed ei samla nettoutflytting på 1 000. Størst innalandsk nettoutflytting hadde som vanleg Nordland, der nettotapet på 360 personar var like stort som i 1. kvartal førre året. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark den største netto utflyttinga.