Rapporter 2014/20

Låg inntekt og tannhelse

Låg inntekt aukar sannsynet for dårleg tannhelse og mindre hyppige besøk hos tannlegen. Men kva er det som elles kjenneteiknar dei med låg inntekt, og kva kan ein gjere for å styrke kunnskapen om låginntektsgrupper spesielt og andre vaksne generelt?

Tidlegare analysar etterlét liten tvil om at til dømes låg inntekt aukar sannsynet for dårleg tannhelse og mindre hyppige besøk hos tannlegen, medan høg inntekt teiknar å auke sannsynet for god tannhelse og jamlege tannlegekonsultasjonar.

Men kva er det som elles kjenneteiknar dei med låg inntekt, korleis kan låg inntekt bli definert, og kva kan bli gjort framover for å styrke kunnskapen om låginntektsgrupper spesielt og andre grupper av vaksne generelt? Statistisk sentralbyrå har utarbeida ein rapport der kjenneteikn ved låginntektsgrupper blir beskrivne og analyserte, samstundes som ulike tilnærmingar til og omgrep om låg inntekt blir presenterte og diskuterte. Dessutan freistar rapporten å utmeisle kva for kjelder til informasjon som kan bli utnytta framover, og korleis sentrale helsemyndigheiter og folk generelt kan få ytterlegare kjennskap til korleis personar med låg inntekt og andre grupper i vaksenbefolkninga nyttar og finansierer tannlegetenester.

Ulike mål og definisjonar, men...

Det er fleire ulike mål og definisjonar for låg inntekt som er nytta for å nyansere biletet av korleis inntektsnivå heng saman med tannhelsetilstand og tenestebruk. Alle dei valde definisjonane på låg inntekt (EU-, OECD- og kvintildefinisjonen) skisserer eit tilnærma likearta bilete seg imellom og samanlikna med andre inntektsgrupper. Det er òg brukt ein del plass på å få fram forskjellar mellom personar med høvesvis låg og høg inntekt etter forskjellige helse- og levekårdimensjonar, samt freista å nyansere biletet av dei med låg inntekt i enno meir avgrensa grupper etter om dei tek imot stønad eller ikkje. Det er store forskjellar mellom dei med låg og høg inntekt etter fleire tannhelse-, helse- og levekårdimensjonar, og det er forskjellar mellom dei som har låg inntekt generelt og dei som tek imot stønader og ytingar spesielt.

..sprenger resultata allereie opne dører?

Resultata og funna i rapporten er kan hende ikkje overraskande, og dei er konsistente med det som til dømes blei funne i tidlegare rapportar som granskar samanhengar mellom blant anna inntekt og tannhelse (Ekornrud og Jensen 2010a, 2010b, 2013). Samstundes bidreg det òg til å understreke tydinga av å nytte andre kjelder til informasjon i framtida, for å få fram enno fleire og meir nyanserte tannhelse- og levekåropplysningar om forholdet mellom ulike inntektsgrupper.

 Rapporten er ei oppfølging av tidlegare rapportar SSB har publisert på tannhelseområdet, og er finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet.

Om publikasjonen

Tittel

Låg inntekt og tannhelse

Ansvarlege

Trond Ekornrud, Arne Jensen

Serie og -nummer

Rapporter 2014/20

Utgivar

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgivar

Helse- og omsorgsdepartementet

Emne

Helsetjenester, Helseforhold og levevaner

ISBN (elektronisk)

978-82-537-8930-9

ISBN (trykt)

978-82-537-8929-3

ISSN

1892-7513

Tal sider

66

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt