261579
261579
Åtte av ti nyfødde får heimebesøk frå helsestasjon
statistikk
2016-06-28T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
helsetjko, Kommunehelsetenesta, kommunale helsetenester, driftsutgifter, helsestasjonar, skolehelsetenesten, helsekontroll, helsepersonell (for eksempel fysioterapeutar, helsesystrer, jordmødrer), sykehjemsbebuararKOSTRA, Helsetjenester, Offentlig sektor, Helse
true

Kommunehelsetenesta2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Åtte av ti nyfødde får heimebesøk frå helsestasjon

I 2015 fekk 83 prosent av nybakte foreldre besøk frå helsestasjon og nær alle babyar blei undersøkte innan dei var åtte veker gamle. Det same gjaldt for helseundersøkingane av barn i førskulealder.

Kommunehelsetenesta, nøkkeltal
201520152014 - 20152011 - 2015
Absolutte talPer 10 000 innbyggjararProsentvis endring1Prosentvis endring1
1Prosentvis endring er berekna frå absolutte tal.
2På grunn av overgang til ny datakjelde (A-ordninga), blir ikkje endringstal for årsverk vist.
Legeårsverk i kommunehelsetenesta5 456,610,52,512,8
Fysioterapeutårsverk i kommunehelsetenesta4 689,79,02,09,2
Absolutte talPer innbyggarProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter kommunehelsetenesta totalt (1 000 kroner)15 503 6712 973,53,626,9
Brutto driftsutgifter. Førebyggjande arbeid, helse, konsern (1 000 kroner)1 263 329242,35,330,8
Brutto driftsutgifter. Diagnose, behandling, re-/habilitering konsern (1 000 kroner)11 072 0162 123,53,325,7
Absolutte talPer 10 000 innbyggjarar 0-20 årProsentvis endring1Prosentvis endring1
Brutto driftsutgifter. Førebygging, helsestasjons- og skulehelseteneste, konsern (1 000 kroner)3 168 3262 386,24,029,9
Årsverk i helsestasjons- og skulehelsetenesta24 498,533,9::

Dei fleste barn frå 0-5 år blir følgde opp på ein helsestasjon. Alle familiar til nyfødde kan ta imot heimebesøk i løpet av dei to første vekene etter heimkomst frå sjukehus. Sidan 2011 har delen som har fått heimebesøk, auka jamt frå 78 til 83 prosent. Ved helsestasjonane blei helseundersøkingar utførte for 97 prosent av nyfødde innan åtte vekers alder. 98 prosent fekk ei helseundersøking ved to-tre-årsalderen medan 96 prosent fekk undersøking ved fire-års alder.

Skulehelsetenesta gjennomfører helseundersøkingar av barn innan utgangen av første skuleår. Her blei òg nesten alle undersøkte, 96 prosent. Delen har auka dei siste åra og var 89 prosent i 2011.

Stadig fleire legeårsverk

Talet på årsverk for legar i kommunane, inkludert fastlegeårsverk, aukar framleis. I 2015 var det i alt 5 457 slike avtalte legeårsverk i kommunane. Dette inneber ein auke på 2,5 prosent frå 2014 og om lag 13 prosent frå 2011. Målt som årsverk per 10 000 innbyggjarar1 var veksten for legar i kommune på om lag 2 prosent frå 2014 til 2015.

Kvart tiande årsverk er knytt til institusjonar for eldre og funksjonshemma. Åtte av ti legeårsverk er knytte til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2015 summerte desse seg til 4 429 årsverk. Det gir ein auke på 2 prosent frå 2014 og ein vekst på nær 12 prosent frå 2011.

Fleire fastlegar gir færre pasientar per fastlegeliste

Det blir stadig fleire fastlegar i Noreg. Dei inngår avtaler med kommunane, i praksis ein avtale per lege. I 2015 var det inngått om lag 4 600 fastlegeavtalar. Dette er ein auke på 1,6 prosent frå 2014 og vel 9 prosent frå 2011. Kvar fastlege hadde 1 128 personar i gjennomsnitt på si pasientliste i 2015. Listelengda har blitt gradvis kortare over tid, og det har blitt 45 personar færre per liste sidan 2011. Fastlegane hadde nær 2,7 konsultasjonar årleg per pasient.

Fire av ti fastlegar er kvinner, men blant legar under 40 år er kvinnene så vidt i fleirtal. Kvar femte fastlege er innvandrar, med same kjønnsfordeling.

3 av 5 kommunar har frisklivssentral

Talet på kommunar med frisklivssentral er meir enn dobla dei siste fem åra, til 251 i 2015. Ei kartlegging av frisklivssentralar i kommunane viser at det særleg er dei store kommunane som vel å etablera tilbodet. Samstundes viser tala frå 2015 at stadig fleire mindre kommunar òg vel å gjera det same.

Flest fulltidsheimlar for private fysioterapeutar

Talet på årsverk for fysioterapeutar i kommunane aukar stadig. I 2015 var det i alt 4 690 fysioterapeutårsverk, og det gir ein vekst på 2 prosent frå 2014 og vel 9 prosent frå 2011. For fysioterapeutar går om lag 8 av 10 årsverk med til diagnostisering, behandling, rehabilitering og habilitering. I 2015 var det 3 804 årsverk som blei nytta til slike oppgåver, noko som er ein auke på snautt 1,5 prosent frå 2014 og 8 prosent frå 2011.

Fysioterapeutar har fleire årsverk både til arbeid i institusjon og til anna førebyggjande helsearbeid enn i 2014. Medan 454 årsverk gjekk med til institusjon, var det 155 årsverk til førebyggjande helsearbeid. Dette er ein auke på høvesvis 3,2 og 6,3 prosent.

Private fysioterapeutar med driftsavtalar står for tre av fem fysioterapiårsverk i kommunehelsetenesta. Det finst avtalar om både fulltids- og deltidsheimlar mellom private fysioterapeutar og kommunane. Av 3 357 avtaleheimlar i 2015 var om lag 51 prosent fulltidsheimlar.

Auka utgifter til kommunehelsetenesta

I 2015 blei det brukt 15,5 milliardar kroner på kommunehelsetenester, svarande til nær 3 000 kroner per innbyggjar. Dette gir 3,6 prosent høgare utgifter for kommunehelsetenesta enn i 2014. Diagnostisering, behandling og (re)habilitering er som tidlegare år den klart største utgiftsposten og utgjer over 70 prosent. Førebygging i helsestasjons- og skulehelseteneste står for ein femtedel av utgiftene.

1 Tallet ble rettet 28.06.2016 kl 10.53.

ÅrsverkstalÅpne og lesLukk

Grunna overgang til ny datakjelde (A-ordninga), blir ikkje endringstal for årsverk vist. Unntaket er for fysioterapeutar og legar, der tala blir henta frå KOSTRA-skjema 1.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB