236230
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/hagebruk/aar
236230
Gode bæravlingar i 2015
statistikk
2016-06-08T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
hagebruk, Hagebruksavlingar, frukt, bær, grønsakerJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Hagebruksavlingar2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Gode bæravlingar i 2015

Total produksjon av bær på friland er berekna til om lag 14 900 tonn i 2015. Det er 3 400 tonn meir enn året før. I den same perioden gjekk derimot produksjonen av frukt ned med 3 100 tonn til 12 900 tonn.

Avling av frukt, hagebær og grønnsaker.
2015Prosent endring frå
Tonn2014 - 20152011 - 2015
Frukt12 865-19,223,1
Hagebær14 92329,346,4
Grønsaker185 573-2,014,6

Den auka bærproduksjonen på friland heng i hovudsak saman med gode jordbæravlingar i 2015. Den totale produksjonen av jordbær var 11 200 tonn dette året, som er ein auke på 2 900 tonn frå 2014. Jordbær utgjorde tre fjerdedelar av den totale bæravlinga i 2015, medan bringebær sto for ein knapp femtedel.

Pæreproduksjonen halvert

Totalavlinga av frukt var 12 900 tonn i 2015, mot 15 900 tonn året før. Produksjonen av eple var 10 800 tonn i 2015, ein nedgang på 2 500 tonn frå 2014. Pæreproduksjonen utgjorde det same året berre 160 tonn og er dermed blitt meir enn halvert frå 2014. Plommeavlingane gjekk ned med 100 tonn til 1 300 tonn.

Reduserte grønsaksavlingar både i veksthus og på friland

Produksjonen av grønsaker på friland enda på om lag 157 500 tonn i 2015. Dette tilsvarar ein nedgang på 900 tonn frå året før. Gulrot utgjorde om lag ein tredjedel av totalavlinga på friland, medan kepalauk utgjorde 16 prosent. Produksjonen av grønsaker i veksthus minka med 2 900 tonn til 28 100 tonn i 2015. Agurk og tomat var dei dominerande grønsakene i veksthusa og utgjorde respektive 54 og 41 prosent av totalavlinga der.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB