Hagebruksavlingar

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

-28,7 %

lågare fruktavling i 2020

Avling av frukt, hagebær og grønsaker
2020Prosent endring frå
Tonn2019 - 20202016 - 2020
Frukt13 919-28,7-9,1
Hagebær9 951-20,0-21,7
Grønsaker205 0137,15,4

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn

Avling av frukt, hagebær og grønsaker. Tonn1
20162017201820192020
1Gjeld jordbruksbedrifter som fyller eitt eller fleire av desse krava: Minst 1 dekar frukttre, minst 1 dekar bær på friland, minst 2 dekar grønsaker inkludert urter på friland, eller minst 300 m2 grønsaker inkludert urter i veksthus.
2Avling av grønsaker omfattar hovudkulturer på friland og under glas/plast. Ikkje medrekna bønner og erter til konservesindustrien.
Frukt15 31715 42218 36219 51613 919
Hagebær12 71111 93211 35012 4399 951
Grønsaker2194 594193 317174 783191 367205 013

Tabell 2 
Avling av ymse hagebruksvekstar

Avling av ymse hagebruksvekstar1
2020
Areal (dekar)Avling per dekar (kg)Avling (tonn)
1Gjeld jordbruksbedrifter som fyller eitt eller fleire av desse krava: Minst 1 dekar frukttre, minst 1 dekar bær på friland, minst 2 dekar grønsaker inkludert urter på friland, eller minst 300 m2 grønsaker inkludert urter i veksthus.
Frukt
Eple15 43378112 055
Pærer661739488
Plommer4 266170724
Morellar1 350383517
Kirsebær508249126
Hagebær
Solbær2 738242662
Jordbær12 5085627 027
Bringebær3 4985902 062
Grønsaker på friland
Blomkål5 2761 6008 441
Sommarkål6992 5251 765
Haust- og vinterkål3 5134 32615 197
Rosenkål1 3637841 068
Kinakål1 0672 3052 459
Brokkoli4 8707403 604
Kålrot5 3552 33112 483
Gulrot16 0383 30653 017
Purre1 3272 0882 771
Raudbete1 6562 4884 120
Kepalauk7 6422 86021 853
Knollselleri1 7282 4734 273
Sylteagurk6462 4581 588
Isbergsalat4 9121 9559 605
Annan salat på friland4 7262 69812 752
Grønsaker under glas/plastAvling i kg per m2
Agurk i veksthus2607519 600
Tomat i veksthus3903614 239
Hovud-/rotsalat i veksthus88262 287

Om statistikken

Statistikken gjer eit oversyn over areal, avlingsnivå per arealeining og totalavling for viktige hagebruksvekstar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser. Ei jordbruksbedrift skal ha eit driftssenter på ein landbrukseigedom. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Areal av grønsaker: Dersom det blir hausta meir enn éi avling av same vekst på same arealet i løpet av vekstsesongen, er arealet berre rekna ein gong. Blir same areal brukt til ulike vekstar, er arealet ført på kvar av vekstane. Totalarealet av alle vekstane vil difor vere større enn grunnarealet nytta til produksjon av grønsaker.

Avling er definert som produksjon som er salbar. Dette omfattar produksjon for sal og heimeforbruk medrekna frukt og bær til pressing.

Salsverdien gjeld både sal til grossist, detaljist, direkte sal til forbrukar og berekna verdi av heimeforbruk.

 

Standard klassifikasjonar

Fylke, der Oslo og Akershus er slått saman.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Hagebruksavlingar
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Fylke.

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Internasjonal rapportering

Eurostat og FAO.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata blir lagra i SSB.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å presentere årleg statistikk over areal, avlingsnivå per arealeining og totalavling for viktige hagebruksvekstar.

Fram til og med 1995 utarbeidde Statistisk sentralbyrå areal- og avlingsstatistikk over hagebruksvekstar. Frå 1996 og fram til og med avlingsåret 2004 blei statistikken utarbeidd av Statens landbruksforvaltning (SLF). Frå avlingsåret 2005 blir statistikken igjen utarbeidd av Statistisk sentralbyrå. Metode og prosedyrar blei gjort om då SLF tok over ansvaret for statistikken. I perioden 2005-2009 har Statistisk sentralbyrå ført vidare den same metodikken som SLF nytta.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir nytta av bransjeorganisasjonane, Budsjettnemnda for jordbruket, Landbruks- og matdepartementet og ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forskning.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Statistikken for 2010 er delvis utleda frå den fullstendige landbruksteljinga i 2010. Arealopplysningar frå LT2010 er førehandsutfylt på dei utsende skjema til avlingsstatistikken for 2010.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3.

EØS-referanse

Regulation (EC) No 543/2009 of The European Parliament and the Council of 18 June 2009 concerning crops statistics and repealing Council Regulations (EEC) No 837/90 and (EEC) No 959/93.

Produksjon

Omfang

Hagebruksavlingar omfattar statistikk over bær på friland, fruktdyrking, grønsaker på friland og grønsaker i veksthus. Ved Landbruksteljing 2010 skulle jordbruksbedrifter som fylte minst eitt av følgjande krav fylle ut hagebruksskjema:

  • Driv minst 300 m2 grønsaker inkludert urter, blomster og planter i veksthus
  • Driv minst 2,0 dekar grønsaker inkludert urter på friland
  • Driv minst 1,0 dekar frukttre, bær på friland eller planteskule

Datakjelder og utval

Alle arealtal for 2010 er henta frå Landbruksteljing 2010. Opplysningar om jordbruksbedrifta, slik som namn og adresse til søkar og arealfordeling av dei ulike vekstgruppene blei også henta frå Landbruksteljing 2010. Opplysningar om produksjon av bær, frukt og grønsaker på friland, grønsaker, blomster og planter i veksthus samt planteskule blei henta inn på skjema til hagebruksundersøkinga 2010.

Populasjonen i 2010 er basert på alle som var oppgåvepliktige til Landbruksteljing 2010.

SSB overtok hagebruksstaitstikken frå SLF i 2005, og nytta deira register som utgangspunkt for å finne fram til hagebrukspopulasjonen. Alle som var i registeret i 2004 fekk tilsendt skjema i 2005. Til erstatning for jordbruksbedrifter som gjekk ut, blei det henta inn bedrifter med hagebruksproduksjon blant dei som søkte om produksjonstilskott i jordbruket 31. juli. Tilsvarande opplegg blei følgd i perioden 2006-2009. I denne perioden har populasjonen omfatta om lag 3 000 jordbruksbedrifter med ein eller fleire av dei oppgitte vekstgruppene.

Datainnsamling, editering og beregninger

Skjema blir sende ved nyåret i året etter undersøkingsåret til dei jordbruksbedriftene som er med i utvalet. Det er òg mogeleg å svara på undersøkinga over Internett.

Det blir gjort kontrollar og rettingar for å sikre konsistens innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Avling oppgitt med anna eining enn den som er brukt på skjema blir rekna om etter fastsette faktorar.

Statistikken for 2010 byggjer på ei fullstendig teljing. På nokre skjema mangla opplysningar om totalavling, og for desse vekstane er det sett inn ei totalavling basert på eit gjennomsnitt for einingar med vedkomande vekst og med eit areal i same størrelsesorden.

I perioden 2005-2009 er areal av den einskilde vekst estimert på bakrunn av endringar i arealet frå året før.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom færre enn tre einingar ligg til grunn for ei celle i tabellen, og dette medfører fare for identifisering, dvs. at talet kan førast tilbake til oppgåvegivar eller annan identifiserbar person.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken for 2010 er direkte samanliknbar med tal for 1999, da statistikken desse åra byggjer på opplysningar gitt i dei fullstendige teljingane.

I perioden 2000-2009 er same berkningsopplegg nytta, og det er areal frå jordbruksteljinga i 1999 som ligg til grunn for berekningsopplegget i denne perioden. Fordi ein kvart år har gjort berekningar på areal som etter kvart er resultat av fleire års berekningar, kan moglege feil bli forsterka. Feil i arealberekningane vil òg påverke berekningane av totalavling. Sjølv om totalavlinga etterkvart er blitt overestimert, gir statistikken likevel eit rimeleg godt bilete av avlinga per dekar.

 

 

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata kan innehalde feil og manglar. Til dømes kan det vere vanskeleg å gi gode tal for avling av vekstar som kan bli selt i stk eller bunt, til dømes reddik.Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta under revisjon. Kontrollopplegget avslører også logiske feil i utfylling av skjema. Nokre målefeil og feil som oppstår ved handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming og anna. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.

 

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar.

For nokre av vekstane er det få produsentar, og fråfall av produsentar med stort areal kan ha monaleg innverknad på kvaliteten av dei berekna tala.

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper med få observasjonar er særs vare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avviker mykje frå gjennomsnittet.

 

Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet.

Modellen for undersøkingane i perioden 2000-2009 er basert på at ein kvart år multipliserar fjorårets berekna areal av dei ulike vekstane med ein faktor. Areala som er utgangspunkt for dei ulike vekstane i denne perioden er areal innhenta frå Jordbruksteljing 1999. Fordi ein kvart år har gjort berekningar på areal som etter kvart er resultat av fleire års berekningar, kan mogelege feil bli forsterka. Feil i arealberekningane vil òg påverke berekningane.

I 2010 er areala i undersøkinga henta frå den fullstendige landbruksteljinga i 2010. Dette gir grunnlag for oppdatering og korreksjon av arealtala, og også høve til å publisere talet på einingar med ulike vekstar. Forskjellen i berekningsmåte gjer at tala for 2010 ikkje er direkte samanliknbare med tala for perioden 2000-2009.

Revisjon

Ikkje relevant

Faktaside