268772
268772
Auka kjøtproduksjon
statistikk
2016-10-25T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri, Energi og industri
true

Kjøtproduksjon1. halvår 2016, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Auka kjøtproduksjon

Det blei kontrollert 159 900 tonn kjøt i 1. halvår 2016, som er knapt 4 prosent meir enn i den same perioden i fjor. Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår i år utgjorde svinekjøt 69 300 tonn, fjørfekjøt 47 600 tonn, storfekjøt 39 200 tonn og sauekjøt 3 600 tonn.

Slakt godkjent til folkemat.
TonnProsent endring fra
1. halvår 20161. halvår 2015 - 1. halvår 20161. halvår 2011 - 1. halvår 2016
Svin69 3115,57,7
Fjørfe47 5922,914,6
Storfe39 1562,1-3,4
Sau3 6163,30,9

Sidan 1. halvår 2015 har det vore auke i slaktemengda for alle dei fire kjøtslaga, og størst prosentvis auke har det vore for svin med knapt 6 prosent. For slakt av sau og fjørfe var auken på om lag 3 prosent, medan slakt av storfe auka med 2 prosent frå 2015 til 2016.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB