268778
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord/aar
268778
Auke i kornarealet
statistikk
2017-01-17T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
stjord, Strukturen i jordbruket, gardsbruk, bønder, melkeprodusentar, kjøttprodusentar, kornprodusentar, jordbruksareal, husdyr, jordbruksareal etter bruk (for eksempel til korn, poteter, eng)Jordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true
Antall jordbruksbedrifter, størrelse på bedriftene og produksjonsgrunnlag i form av jordbruksareal og husdyr i 2016.

ssb.no kan være ustabil i perioder mellom kl. 14 og 15 i dag pga. utbedringer av tjenesten. Beklager ulempene dette måtte medføre.

Strukturen i jordbruket2016, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Oppdatert:

Auke i kornarealet

Førebelse tal for 2016 viser at arealet av korn og oljevekstar auka med 24 400 dekar eller 0,9 prosent1 frå 2015 til 2016, til 2,89 millionar i 2016.

Strukturen i jordbruket
2016Prosent endring fra
2015 - 20162006 - 2016
Jordbruksbedrifter i alt41 064-2,3-19,8
Enkeltpersonføretak38 976-2,0-19,5
Andre selskapsformer2 088-7,2-25,5
Jordbruksareal i drift, dekar9 824 526-0,4-5,0
Fulldyrka jord, dekar8 071 995-0,4-6,4
Jordbruksareal per jordbruksbedrift, dekar239,21,918,4
Jordbruksbedrifter med ymse husdyrslag
Ku12 809-1,3-32,5
Sau over 1 år14 6361,3-11,5
Svin i alt2 2730,6-27,8
Høner2 058-0,4-2,0
Jordbruksbedrifter som dyrkar ymse vekstar
Korn og oljevekstar til mogning11 173-0,8-29,4
Potet1 875-4,0-55,4
Eng til slått og beite32 257-2,4-18,1

Sidan 2004 har arealet av korn- og oljevekstar minka kvart år, frå 3,35 millionar dekar i 2004 til 2,86 millionar i 2015. Frå 2015 til 2016 auka arealet av korn og oljevekstar, og utgjorde 2,89 millionar dekar i 2016. Av det totale korn- og oljevekstarealet i 2016 utgjorde bygg 48 prosent, medan havre og kveite utgjorde respektive 26 og 23 prosent. Det var auke i arealet av bygg, havre og oljevekstar frå 2015 til 2016, medan arealet av kveite, rug og rugkveite minka. Arealet av bygg auka med 138 900 dekar, og havrearealet med 127 200 dekar. Kveitearealet gjekk ned med 189 700 dekar, og arealet av rug og rugkveite med 58 700 dekar. 

Totalt jordbruksareal i drift gjekk ned med 36 000 dekar eller 0,3 prosent frå 2015 til 2016, til 9, 82 millionar dekar i 2016. Dei siste 10 åra har den gjennomsnittlege nedgangen i jordbruksarealet lege på 0,5 prosent.

Færre jordbruksbedrifter

Talet på jordbruksbedrifter gjekk ned med knapt 2,3 prosent frå 2015 til 2016, til 41 100. Dei ti føregåande åra har gjennomsnittleg nedgang per år vore på 2,1 prosent. 

I 2016 blei 39 000 jordbruksbedrifter drivne av personlege brukarar, og 15,6 prosent av desse var kvinner. Upersonlege brukarar, slik som samdrift, aksjeselskap og institusjon, dreiv 2 100 bedrifter, eller 5,1 prosent av totalen. I 1999 utgjorde upersonlege brukarar berre 1,1 prosent av totalen. 

Samla jordbruksareal i drift på dei knapt 41 100 aktive jordbruksbedriftene var 9,82 millionar dekar i 2016. Jordbruksareal i drift fordelte seg på 8,07 millionar dekar fulldyrka jord, 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng og 1,56 millionar dekar innmarksbeite. Gjennomsnittleg jordbruksareal per gardsbruk var 239 dekar i 2016. Det er 4 dekar meir enn året før og 24 dekar meir enn i 2010. 

Fleire storfe og sau – færre alssvin

Talet på storfe i alt auka med 18 100 frå 2015 til 2016. Talet på ammekyr auka med 6 700 til 85 500 i 2016, medan talet på mjølkekyr gjekk ned med 2 700 og var 221 600 i 2016. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2016 var 26 for mjølkekyr og 16 for ammekyr, mot 21 og 13 i 2010. 

Frå 2015 til 2016 auka talet på sau over 1 år med 35 900 til 954 200. 

Talet på alssvin var 93 000 i 2016, og det er 2 800 færre enn året før. I 2016 var gjennomsnittleg buskapsstorleik for avlssvin 83, mot 67 i 2010. 

1 Tallet er rettet.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB