Auke i nedlastingar

Publisert:

Den digitale bruken av fag- og forskingsbiblioteka har auka kvart år sidan 2013. Det siste året lasta brukarar ned 23 prosent meir frå fulltekstdatabasar enn året før.

Ein fulltekstdatabase er ei samling av originaldokument der heile eller vesentlege delar av dokumentet er elektronisk tilgjengeleg. Dette kan mellom anna vere bøker, periodika, rapportar og artiklar i tidsskrift. Sidan 2013 var auken i nedlastingar frå slike basar på nesten 70 prosent og utgjorde den største auken i talet på nedlastingar frå fag- og forskingsbibliotek.

I tillegg til dette kjem auken i nedlastingar frå institusjonsarkiv. Nedlastingar frå institusjonsarkiv auka med 47 prosent frå 2013. I 2016 vert det til saman lasta ned meir enn 30 millionar dokument frå fag- og forskingsbiblioteka i Noreg.

Figur 1. Nedlastingar frå fulltekstdatabasar og institusjonsarkiv i fag- og forskingsbibliotek utanom Nasjonalbiblioteket

2013 2014 2015 2016
Nedlastingar frå fulltekstdatabasar og institusjonsarkiv i millionar 19 21 22 30

Færre utlån

Samstundes som nedlastingar aukar, går den tradisjonelle bruken av biblioteka ned. I 2016 vart det lånt ut 1,4 millionar bøker og anna bibliotekmateriale i fysisk form som førstegongslån i fag- og forskingsbiblioteka. Dette er ein nedgang på 22 prosent frå 2013 ved fag- og forskingsbiblioteka utanom Nasjonalbiblioteket.

Auke i undervisning i fag- og forskingsbiblioteka

Formalisert undervisning omfattar formalisert, undervisning som er annonsert på førehand og opplæring i regi av biblioteket med eigne tilsette eller eksterne kurshaldarar. Fag- og forskingsbiblioteka inkludert Nasjonalbiblioteket gjennomfører grunnkurs og avanserte kurs i bibliotekbruk og nytting av fulltekstdatabasar. I 2016 vart det registrert nær 111 000 deltakingar ved slike kurs, ein auke på nær 9 prosent frå 2015.