296577
/natur-og-miljo/statistikker/varoms/termin
296577
statistikk
2017-06-13T08:00:00.000Z
Natur og miljø
no
varoms, Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning, avfallshåndtering, materialgjenvinning, renseanleggVann og avløp, Natur og miljø
true

Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

4

milliardar kroner i omsetnad siste termin

Omsetning i vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd
Millionar kronerEndring i prosent
1. termin 20171. termin 2016 - 1. termin 2017
Næringshovudområde E total4 0238,2
Avfallshandtering3 6727,6
Innsamling av avfall1 3090,3
Behandling og disponering av avfall525-7,6
Materialattvinning1 83819,4
Uttak frå kjelde, reinsing og distribusjon av vatn8523,2
Oppsamling og behandling av avløpsvatn24714,9
Miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd19-9,5

Om statistikken

Statistikken skal kartleggje nivå og utvikling i omsetning innafor vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Bedrift
En bedrift er definert som en lokalt avgrenset funksjonell enhet hvor det hovedsakelig drives aktiviteter som faller innenfor en bestemt næringsgruppe.

Kjennemerke omsetning: All omsetning og uttak av varer og tenester, innanfor og utanfor området til merverdiavgiftsloven. Finansielle inntekter, offentlege tilskott og meirverdiavgift er ikkje med.

Standard klassifikasjonar

Standard for næringsgruppering (SN 2007). Total terminomsetning i millionar kroner blir offentleggjorde på 4-sifra næringsnivå.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Vassforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd, omsetning
Emne: Natur og miljø

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for industri og FoU-statistikk

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Tomånadleg (terminvis). Tala blir fyrst publiserte om lag 17 veker etter utløpet av statistikkperioden.

Internasjonal rapportering

Inga.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Informasjon om populasjon blir lagra i programspråket SAS og langtidslagra som tekstfiler.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken skal kartleggje nivå og utvikling i omsetning innafor vatnforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd. Talserien startar i 2008.

Brukarar og bruksområde

Statistikken blir nytta av offentlege verksemder (departementa, Noregs Bank m.fl.) og finans- og analysemiljøa. Bransjeorganisasjonar er også aktive brukarar. I Statistisk sentralbyrå (SSB) blir statistikken nytta i nasjonalrekneskapen og anna forsking og analyseverksemd.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken blir utarbeidd samtidig som statistikk for andre meirverdiavgiftspliktige næringer. Han hentar fordelingsnøklar for omsetning i bedrifter innafor føretak frå årsfila i Verksemd- og føretaksregisteret. I tillegg nyttas sysselsetjingsdata frå Arbeidsgjevar-/arbeidstakarregisteret.

Lovheimel

Statistikklova §3-2.

EØS-referanse

Inga.

Produksjon

Omfang

Populasjonen består av einingar registrert i momsregisteret innanfor næringshovedområdet E vatnforsyning, avløps- og renovasjonsverksemd (36, 37, 38 og 39) ifølgje SN 2007 (Standard for næringsgruppering). Einingar som stats- eller trygdeforvaltninga, fylkeskommunar eller kommunar eig er ikkje med i populasjonen. Sjå notatet Notater 2012/07. Observasjonseining er hovudsak identisk med momspliktig einingar, dvs. et føretak med momspliktig årsomsetting som overstiger 50 000 kr.

Datakjelder og utval

Skattedirektoratets oppgåveregister ("momsregistrert"). Totalteljing.

Datainnsamling, editering og beregninger

Statistikken er registerbasert. Dei avgiftspliktige sender omsetningsoppgåveskjema til dei respektive fylkesskattekontora, som overfører tal til Skattedirektoratet ein gong i veka. SSB får data frå Oppgåveregisteret i Skattedirektoratet to gonger for kvar termin. Fristen for innsending til Fylkesskattekontora er 1 månad og 10 dagar etter utløpet av terminen. Oversending til SSB skjer om lag tre veker seinare.

Enkeltopplysningar blir kontrollerte mot tidlegare innleverte oppgåver. Ved store avvik frå tidlegare terminar blir oppgåvegivaren kontakta. Registeropplysningar blir kontrollerte i Verksemd- og føretaksregisteret og Einskapsregisteret.

I den tomånadlig statistikken blir nivåtal berekna ved summering. Tala i momseininga blir fordelte på dei tilhørande aktive bedriftene i samsvar med omsetninga i den siste årsfil frå Verksemd- og føretaksregisteret eller i henhold til ansatte i Arbeidsgivar/arbeidstakarregisteret i tilfeller hvor tall i sistnemnte er mer oppdatert. Det foretas ingen sesongjustering.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Dersom færre en tre einingar ligg til grunn for en celle i en tabell blir ikkje talla offentleggjort. Årsaka er fare for identifisering ved at talla kan føres tilbake til oppgavegjevar. Dette blir løyst ved å undertrykke disse talla i tabellen.

Samanlikningar over tid og stad

Talla går tilbake til 1. termin 2008 og det er blitt brukt same metode for hele perioden. Frå 2017, med den nye mva-meldinga, er også rutinane betra i produksjonen av statistikken og 2016-tala er oppdaterte.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil (den avgiftspliktige gir feil opplysningar) og handsamingsfeil kan førekomme. Målefeil og handsamingsfeil er forsøkt unngått ved oppbygging av kontrollsystem. Ei anna mogleg kjelde for feil er at fordelinga av omsetning på bedrifter i fleirbedriftsføretaket byggjer på fordelingsnøklar som kan vere forelda.

Vi ringjer opp fylkesskattekontora ved fråfall av store føretak. Tal blir imputerte ved fyrste og andre gongs publisering. Ved tredje (og siste) gongs publisering behandlas fråfall av data som verdien null.

Det er ingen utvalsfeil i denne statistikken fordi han byggjer på fullteljing.

Føretak og bedrifter (avdelingar) kan være klassifisert med feil næringskode i Verksemd- og føretaksregisteret.

Revisjon

Ikkje relevant.

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/natur-og-miljo/statistikker/varoms/termin?id=1261

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB