290758
/offentlig-sektor/statistikker/brann_kostra/aar
290758
statistikk
2017-06-29T08:00:00.000Z
Offentlig sektor;Bygg, bolig og eiendom
no
brann_kostra, Brann- og ulukkesvern, Boligbranner, bygningsbranner, piper, feie- og tilsynsgebyr, feiere, utrykningerBolig og boforhold, KOSTRA, Bygg, bolig og eiendom, Offentlig sektor
true

Brann- og ulukkesvern

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

3 009

bygningsbrannar i 2016

Brann og ulukkesvern, nøkkeltal
20162015 - 20162012 - 2016
Absolutte tal (1 000 kroner)Prosentvis endringProsentvis endring
Brutto driftsutgifter
Utgifter totalt, funksjon 338 og 3395 619 286827
338 Førebygging av brannar og andre ulukker1 089 303625
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker4 529 983828
Netto driftsutgifter
Utgifter totalt, funksjon 338 og 3394 090 308625
338 Førebygging av brannar og andre ulukker312 287021
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker3 778 021725
Per 1000 innbyggjararProsentvis endringProsentvis endring
Årsverk
Årsverk i brann- og ulukkesvern per 1000 innbyggjarar0,69-14-18
Årsverk til funksjon 338 per 1000 innbyggjarar0,230-4
Årsverk til funksjon 339 per 1000 innbyggjarar0,46-2-8
 Absolutte tal
Aktivitet
Talet på bygningsbrannar3 00913-24
Talet på piper feia574 586-9-24
Talet på A-objekt med tilsyn i løpet av året11 655-26-37

Om statistikken

Statistikken viser tal for bygningsbrannar, bustadbrannar, tilsyn, årsverk og utgifter innanfor førebygging og beredskap av brann- og ulukkesvern i kommunane. Tenestedata kjem frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), og rekneskapsdata kjem frå kommunane til SSB.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Årsverk er ikkje gitt nokon særskild definisjon i rettleiinga til datakjelda (Melding om brannvernet).

A-objekt er definert som bygningar til opphald for eit større tal menneske kor brann kan medføra meir enn alminnelig fare for tap av menneskeliv.

Ein brann blir definert ut frå kor han starta opp. Det inneber at sjølv om det er fleire bygg og bustader innanfor eit område som blir råka av brann, så blir det berre tald éin gong dersom opphavsstaden for brannen er den same. I  tilfelle, der ein brann startar opp ein annan stad enn i bygg eller bustad, så skal dette teljast som annan type brann, og vil i SSBs statistikk i staden kunne sjåast i tal for utrykkingar.

Antall utrykkingar: Tal over utrykkingar til brannar og andre utrykkingar (ikkje ambulanseoppdrag, tryggleiksalarm og anna assistanse). Kjelde: Kvartalsrapport om utrykkingar og oppdrag. Hovudregel: Registrering på utrykkingskommune, og ikkje på uhellskommune. Nokon samarbeidande kommunar sender likevel éin rapport per kommune. Det er utarbeida felles tal for samarbeidande kommunar.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Brann- og ulukkesvern
Emne: Offentlig sektor

Ansvarleg seksjon

Seksjon for helsestatistikk

Regionalt nivå

Lågaste geografiske nivå er kommune. Det blir òg publisert tal for KOSTRA-grupper, fylker og heile landet.

Kor ofte og aktualitet

Årleg publisering i KOSTRA 15. mars (ureviderte tal) og 15. juni (reviderte tal) året etter statistikkåret. I tillegg vert det publisert nasjonale tabellar og eigen kommentarartikkel i vekene etter 15. juni-publiseringa.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

For meir informasjon om KOSTRA, sjå KOSTRA sine internettsider http://www.ssb.no/kostra/ .

Eigne tabellar kan byggjast frå Statistikkbanken, http://www.ssb.no/statistikkbanken/ .

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken til SSB på feltet er å gi eit bilete av samanhengen mellom kommunerekneskapet sine data og DSB sin tenestestatistikk Dette er ei av målsetjingane i KOSTRA. SSB har f.o.m statistikkåret 1999 publisert slike data for KOSTRA-kommunane. F.o.m statistikkåret 2001 er data landsdekkande.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er viktig for dei sentrale styresmaktene, som har behov for ny informasjon, både for planlegging og for kontroll og evaluering av den lokale verksemda. Kommunane er òg ei interessegruppe for statistikken. Dei ynskjer å kunne samanlikne førebyggng og beredskap på brann- og ulukkesvernområdet både på kommune- og fylkesnivå og på nasjonalt nivå – og over tid. I eit demokratisk samfunn vert også ulike interessegrupper, politikarar og den einskilde borgaren viktige mottakarar av informasjonen.

Sentrale brukarar er Justis- og beredskapsdepartementet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Kommunal- og regionaldepartementet, regionale og kommunale styresmakter, KS og andre interesseorganisasjonar, forskarar, media og allmennheita generelt.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

 

 

Samanheng med annan statistikk

Statistikken kan sjåast i samanheng med fleire andre KOSTRA-område. I tillegg blir dei same tenestedata, som inngår i KOSTRA, publisert i sin heilskap (saman med eit langt større datamateriale) av DSB (sjå www.dsb.no ). 

Lovheimel

Direktoratet for Samfunnstryggleik- og beredskap (DSB) hentar inn tenesteopplysningar og er difor basert på direktoratet sine heimlar.

Statistisk sentralbyrå mottek tenestedata frå DSB for vidare utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av statistikkloven (lov av 16.juni 1989 nr 54) § 2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Statistikken er basert på registrering av beredskap og førebygging innanfor brann- og ulukkesvern i alle kommunar, og kommunar med felles brannvesen. DSB mottek opplysningar frå kvart einskild brannvesen som i behandlinga av data blir fordelt på kommunenivå.

Rekneksapsdata blir henta inn via kommunerekneskapen i SSB. For brutto driftsutgifter blir kommunekonsern nytta.

Statistikken omfattar følgjande to funksjonsområde (oppgåvefelt) i KOSTRA:

Funksjon 338 Førebygging av brannar og andre ulykker

Funksjon 339 Beredskap mot brannar og andre ulykker

Datakjelder og utval

Brann- og ulukkesvernstatistikken baserer seg på følgjande datakjelder:

  • Årleg elektronisk innsending av tenestedata frå alle landets brannvesen. Tala blir rapporterte til DSB og omfattar førebyggande tenester ”Melding om brannvernet” og beredskapstenester ”Rapport om hendingar”.
  • Rekneskapsdata henta kommunerekneskapen til SSB.

Datainnsamling, editering og beregninger

Tenestedata blir editert i sin heilskap av DSB. Om SSB ved produksjon av KOSTRA-data (bl.a. ved sammenstilling med rekneskapet) oppdagar særeigne tilfelle i talmaterialet, blir dette teke opp med DSB.

Kvaliteten på statistikken er avhengig av korrekte opplysningar frå oppgåvegivarane. Særleg gjeld dette ved dei enkelte kommunane si rapportering om interkommunale ordningar, jf. rettleiinga til "Melding om brannvernet", samt fordeling av ressursar (under her løn) mellom KOSTRA-funksjon 338 og 339.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

SSB sine generelle reglar for prikking blir praktisert. 

Samanlikningar over tid og stad

Tenestestatistikken gir grunnlag for tidsseriar. Dei tilpassingane som har blitt gjort til KOSTRA, endrar ikkje på dette. F.o.m. 2001 var statistikken landsdekkande.

Frå og med 2016 er det en ny rapporteringsløysning til DSB: BRIS. BRIS er utvikla av DSB, og står for brann, redning, innrapportering, statistikk.  Data går direkte frå 110-sentralar, og må fyllast ut og godkjennast av brann- og redningsvesen i etterkant. Endringa medfører ikkje brot i statistikken. Meir informasjon blir samla inn i registeret, men talet på personar med kompetanse som utfører tilsyn med a-objekt utgår. Tal for 2016 på denne indikatoren er dermed prikka i statistikken.

 Innføring av BRIS som ny rapporteringsløysning, kan medføre eit brot i statistikken frå og med 2016. Det blir vist gjennomgåande til høgare tal på tal over utrykningar. Tal over utrykningar er prikka for 2016, og ny indikator kjem i 2018

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Tenestedata blir revidert i sin heilskap av DSB. Om SSB ved produksjon av KOSTRA-data (bl.a. ved sammenstilling med rekneskapet) oppdagar særeigne tilfelle i talmaterialet, blir dette teke opp med DSB.

Kvaliteten på statistikken er avhengig av korrekte opplysningar frå oppgåvegivarane. Særleg gjeld dette ved dei enkelte rapporteringa til kommunar og brannvesen om interkommunale ordningar, jf. rettleiinga til "Melding om brannvernet", samt fordeling av ressursar (under her løn) mellom KOSTRA-funksjon 338 og 339.

I følgje Direktoratet for samfunnstryggleik og -beredskap, som sørgjer for å innhente informasjon om brannar frå lokale brannvesen rundt om i kommunane, er det av ulike årsaker grunn til å tru at det er noko underrapportering av brannar, og etterslep av talet på brannar. Dette vil truleg endrast ved ny rapporteringsløysning, frå og med årgang 2016.

 

Revisjon

Førebelse tal publiseras i mars. I juni publiseras endelege tal.

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/offentlig-sektor/statistikker/brann_kostra?id=3006

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB