261667
/offentlig-sektor/statistikker/brann_kostra/aar
261667
Færre bygningsbrannar
statistikk
2016-06-23T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Bygg, bolig og eiendom
no
brann_kostra, Brann- og ulukkesvern, Boligbranner, bygningsbranner, piper, feie- og tilsynsgebyr, feiere, utrykningerBolig og boforhold, KOSTRA, Bygg, bolig og eiendom, Offentlig sektor
true

Brann- og ulukkesvern2015

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Færre bygningsbrannar

Talet på bygnings- og bustadbrannar i Noreg har minka frå 2014 til 2015. I 2015 brukte kommunane vel 5,2 milliardar kroner på brann- og ulukkesvern. Mesteparten av dette gjekk med til beredskap mot brannar og andre ulukker.

Brann og ulukkesvern, nøkkeltal
20152014 - 20152011 - 2015
Absolutte talProsentvis endringProsentvis endring
Brutto driftsutgifter
Utgifter totalt, funksjon 338 og 3395 219 948323
338 Førebygging av brannar og andre ulukker1 031 328130
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker4 188 620322
Netto driftsutgifter
Utgifter totalt, funksjon 338 og 3393 854 252223
338 Førebygging av brannar og andre ulukker310 712-441
339 Beredskap mot brannar og andre ulukker3 543 540321
Per 1000 innbyggjararProsentvis endringProsentvis endring
Årsverk
Årsverk i brann- og ulukkesvern per 1000 innbyggjarar0,70-30
Årsverk til funksjon 338 per 1000 innbyggjarar0,2300
Årsverk til funksjon 339 per 1000 innbyggjarar0,47-40
 Absolutte tal
Aktivitet
Talet på bygningsbrannar2 656-28-45
Talet på piper feia632 198-8-17
Talet på A-objekt med tilsyn i løpet av året15 710-15-23

Det har vore ein nedgang i talet på brannar i Noreg dei siste åra - også frå 2014 til 2015. Medan det totale talet på bygningsbrannar i 2014 var 3701, var talet for 2015 rett over 2 650. Det gir 0,5 bygningsbrannar per 1 000 innbyggjarar. To tredelar av bygningsbrannane var bustadbrannar. Utrykkingar til brannar og andre hendingar var på same nivå i 2015 som tidlegare år: 2,5 utrykkingar per 1 000 innbyggjarar. 

Erstatningane aukar

Informasjon om anslått erstatning til bygningsbrannar kan òg gi eit godt bilete av omfanget av brannar totalt, og på kommunenivå. På landsnivå var det, trass i nedgangen i brannar, ein auke i anslått erstatning til bygningsbrannar. I 2014 var den på 754 kroner per innbyggjar, medan tilsvarande erstatning i 2015 var 844 kroner. 

1,4 prosent til brann- og ulukkesvern

Det har vore ein auke på 2,8 prosent i brutto driftsutgifter totalt som blei brukte til brann- og ulukkesvern i kommunane frå 2014 til 2015. Utviklinga i femårsperioden 2011-2015 viser ein vekst i utgiftene på i overkant av 23 prosent. Utgiftene til brann- og ulukkesvern utgjer om lag 1,4 prosent av dei totale utgiftene til kommunane.

Størst utgifter til beredskap

Den største utgiftsposten i brann- og ulukkesvernet i kommunane er beredskap mot brannar og andre ulukker. I 2015 blei det brukt nær 4,2 milliardar til brannvesen, oljevernberedskap og annan beredskap mot brann- og eksplosjonsarta ulukker. Året før var tilsvarande brutto driftsutgifter drygt 4 milliardar kroner. Det inneber ein utgiftsvekst for beredskap på vel 3,2 prosent i denne perioden, og nær 22 prosent sidan 2011. 

Utgiftene til førebygging av brannar og andre ulukker er, som tidlegare år, på eit lågare nivå enn utgiftene til beredskap. I 2015 gjekk det, som året før, med i overkant av 1 milliard kroner til drift av feiarvesen og andre tiltak som skal førebyggje brann og eksplosjonsarta ulukker. Utgifter til førebygging av brannar og andre ulukker utgjer om lag ein femdel av dei totale utgiftene til brann- og ulukkesvern i kommunane. 

Også flest årsverk knytte til beredskap

Talet på årsverk som går med til brann- og ulukkesvern, held seg relativt stabilt over tid. Dei fleste av årsverka, nær sju av ti, går med til beredskapsarbeid. I 2015 var det i alt vel 3 660 årsverk som anten gjekk med til beredskap eller førebygging av brannar og ulukker. Dette er drygt 1 prosent mindre enn i 2014. Dekningsgraden for årsverk til brann- og ulukkesvern samla har halde seg relativt stabil dei siste fem åra med vel 0,7 årsverk per 1 000 innbyggjarar: 0,5 årsverk har gått til beredskap og 0,2 årsverk per 1000 innbyggjarar har vore nytta til førebygging. Det er grunn til å peike på at nokre brannvesen gir uttrykk for at ressursar sette av til beredskap òg blir nytta til førebygging. 

Førebyggjande arbeid i endring?

Årsverk til førebyggjande arbeid går mellom anna med til feiing, kurs, informasjons- og motivasjonsverksemd retta mot folk flest og saksbehandling i byggjesaker. 

Dekningsgraden av feiarar har halde seg stabil på om lag 0,13 årsverk per 1 000 innbyggjarar dei siste åra. Samstundes har delen piper som blei feia, gått ned, frå 45 prosent i 2011 til 36,5 prosent i 2015. Det har elles vore grunn til å tru at talet på piper i Noreg skulle gå ned, og bli erstatta av andre typar fyringsanlegg, til dømes varmepumper i private hushald. Statistikken viser derimot ein liten auke i piper i Noreg, - frå 1,71 millionar i 2014 til 1,73 millionar i 2015. 

Ei anna viktig førebyggjande oppgåve for det kommunale brann- og feiarvesenet er å sørgje for at det blir ført tilsyn med bygningar og område der brann kan innebere tap av mange liv. Det gjeld til dømes i institusjonar, sjukehus og barnehagar. Desse einingane blir gjerne omtala som A-objekt. I 2015 fanst det nær 22 900 slike bygg. Det blei gjennomført tilsyn med 69 prosent av A-objekta. Dette tilseier at tilsynsverksemda på landsnivå har ein nedgang frå året før, då omtrent 81 prosent av A-objekta fekk tilsyn. 

Slik tel ein brannar i statistikkenÅpne og lesLukk

Ein brann blir definert ut frå kor han starta opp. Det inneber at sjølv om det er fleire bygg og bustader innanfor eit område som blir råka av brann, blir brannen berre talt éin gong dersom opphavsstaden er den same. Dersom ein brann startar ein annan stad enn i bygg eller bustad, skal han teljast som annan type brann og vil i statistikken i staden kunne sjåast i tal for utrykkingar til brannar og andre utrykkingar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB