136724_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
136724
Moderat vekst i skatteinntektene
statistikk
2014-04-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderat vekst i skatteinntektene

Ved utgangen av mars var det betalt inn om lag 246 milliardar kroner i skattar til stats- og kommuneforvaltninga. Dette er ein vekst på 2,8 prosent frå same perioden i fjor. I mars månad isolert sett blei det betalt inn om lag 100 milliardar kroner, som er ein auke på 5,1 prosent frå året før.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Mars 2013Mars 2014Mars 2013Mars 2014
I alt239 590246 1803,32,8
Ordinær skatt til staten9 3409 6121,22,9
Ordinær skatt på oljeutvinning13 27211 812-6,2-11,0
Særskatt på oljeutvinning22 29219 080-3,9-14,4
Fellesskatt til staten66 71672 4022,28,5
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)7 9668 2846,64,0
Ordinær skatt til primærkommunen37 58138 6857,32,9
Medlemsavgift til folketrygda32 53534 6715,06,6
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda49 83451 2388,42,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar52396-91,1661,5
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-mars

Ved utgangen av mars hadde det kome inn 6,6 milliardar kroner meir i skatteinnbetalingar enn på same tida i fjor: totalt 246,2 milliardar kroner. Dei personlege skattytarane auka sine skatteinnbetalingar med 3,1 prosent frå i fjor. Totalt har desse bidrege med 181,1 milliardar kroner til dei ulike skattekreditorane hittil i år. Dei upersonlege skattytarane har bidrege med 64,6 milliardar kroner til no i år, som inneber ein oppgang på 1,5 prosent frå 2013.

7,8 prosent meir til statsforvaltninga

Fram til utgangen av mars har statsforvaltninga motteke 82 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 6 milliardar, eller 7,8 prosent, frå den same perioden i fjor. Den største delen av auken kom frå fellesskatt til staten, som steig med 8,5 prosent frå 2013. Delen av inntekts- og formuesskatten som gjekk til kommuneforvaltninga, var på 47 milliardar kroner. Dette er 3,1 prosent meir enn på same tida i fjor.

Auke i betalingar til folketrygda

Folketrygda hadde ved utgangen av mars motteke totalt 85,9 milliardar kroner, som er 3,5 milliardar meir enn etter dei tre første månadene i fjor. Innbetalingane skreiv seg frå arbeidsgjevaravgift og medlemspremiar til folketrygda. 51,2 milliardar kroner kom i form av arbeidsgjevaravgift, som er 2,8 prosent meir enn i fjor. Medlemspremiar til folketrygda voks med 6,6 prosent frå i fjor, til 34,7 milliardar kroner.