284913
284913
statistikk
2017-04-07T08:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkiror, Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg, administrasjonskostander, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, sanitærinstallasjonar, varmeinstallasjonarByggekostnadsindekser , Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
true

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

2,9 %

kostnadsendring for røyrleggjararbeid frå førre år

Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. 2000=100
Mars 2016Mars 2017Endring frå førre år (prosent)Vekt i prosent
Røyrleggjararbeid i alt201,0206,82,9100,0
Administrasjon167,8172,83,017,3
Arbeidskraft179,1183,52,526,0
Materialar221,6228,23,055,3
 
Sanitærinstallasjonar199,6205,12,854,5
Administrasjon167,8172,83,08,4
Arbeidskraft179,1183,52,512,4
Materialar215,8221,72,732,7
 
Varmeinstallasjonar202,7208,83,045,5
Administrasjon167,8172,83,08,9
Arbeidskraft179,1183,52,513,4
Materialar229,9237,53,322,6

Om statistikken

Statistikken måler den månadlege kostnadsutviklinga for røyrleggjararbeid i kontor og forretningsbygg. Indeksen blir brukt til å prisregulere byggjekontraktar mellom røyrleggjarbedrifter og byggherrer.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga på innsatsfaktorane ved installasjon av røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller input-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar.

Representantvare er beteikning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av, og som det vert henta prisar på. Det kan vere ein materialtype, ein kategori arbeidar, ei maskinteneste, ei transportteneste osv.

Arbeidskraftkostnaden er i byggjekostnadsindeksane sett samen av to hovudkomponenta som blir berekna kvar for seg, nemleg løn for arbeidd tid og øvrige arbeidskraftkostnader. Det siste omfattar løn for ikkje arbeidd tid og alle indirekte personalkostnader.

Laspeyre prisindeks er ein prisindeks kor vektgrunnlaget vert halde konstant. Ein kjeda Laspeyre prisindeks er ein indeks sett saman av fleire Laspeyre prisindeksar med ulike vekter. I byggjekostnadsindeksen for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg endrar ein vektene om lag kvart tiande år.

Pris: Listepris. Prisane vert oppgitt den 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift.

Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg
Emne: Priser og prisindekser

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for bygg- og tjenestestatistikk

Regionalt nivå

Berre nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg. Statistikken vert publisert om lag den 12. i den påfølgjande månaden.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata vert lagra som tekstfiler på Unix.

Bakgrunn

Føremål og historie

Byggjekostnadsindeksen måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved installasjon av røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. Byggjekostnadene blir ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i røyrleggjarbedriftene sine fortenestemarginar. Den går tilbake til 1999. Indeksen blir berekna på oppdrag frå Rørentreprenørene Norge, som finansierer den løpande drifta av indeksen.

Brukarar og bruksområde

Statistikken vert brukt til å indeksregulere røyrleggjarkontrakter.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

SSB har utarbeidd byggjekostnadsindeks for røyrleggjararbeid for bustader sidan 1978.

Lovheimel

Statistikklova §2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Byggjekostnadsindeksen måler prisutviklinga på materialar, arbeidskraft, transport og anna som inngår i produksjonen av røyrleggjararbeid i kontor- og forretningsbygg. Det er to typar observasjonar for desse varene og tenestene som vert målt, nemleg kostnadsandelar (vekter) og prisar. Kostnadsandelane vert målt om lag kvart tiande år gjennom ei strukturundersøking av røyrleggjararbeid. Prisane vert målt månadleg.

Datakjelder og utval

Materialprisopplysningar vert henta frå røyrleggjargrossistar.

Arbeidskraftkostnadene vert henta frå Statistisk sentralbyrå sin kvartalsvise lønsstatistikk og blir justert årleg for endringar i arbeidsgjevaravgift, antall feriedagar og andre arbeidskraftskostnader som ikkje er med i lønsbegrepet.

Transportkostnadene vert justert med Statistisk sentralbyrå sin månadlege indeks for lastebiltransport.

Dei tre største røyrleggjargrossistane i landet og to leverandørar av større elektriske kjelar. Totalt blir 325 prisobservasjonar rapporterte kvar månad.

Datainnsamling, editering og beregninger

Prisopplysningar frå grossistane blir sendt elektronisk på rekneark via e-post.

Oppgåvebyrde

Grossistane brukar i gjennomsnitt 25 minutt i månaden til å fylle ut skjema. Dette gir ein tidsbruk for heile utvalet på 25 timar eller 3 dagsverk i året.

Oppgitte prisar for ein månad vert samanlikna med prisar gitt i føregåande månad. Ein ser og på lengre tidsseriar av prisar. I tillegg samanliknar ein prisendringar på varer innan same varegruppa. Dersom prisendringa frå føregåande månad endrar seg meir enn +/- 5 prosent kontaktar ein oppgåvegjevar over telefon. Også varer kor det er stor spreiing i prisendringa frå den førre månaden blir undersøkt nærare.

Indeksen er ein Laspeyre indeks med faste vekter som blir revidert omlag kvart tiande år. Vektgrunnlaget er utarbeidd i samarbeid med konsulentfirmaet Teknisk VVS A/S og byggjer på kalkylar for 4 kontor- og forretningsbygningar bygd i Oslo i perioden 1995-1996. Prisgrunnlaget reflekterer kostnadsnivået i Oslo og Akershus. Det er korrigert for dette gjennom å justere ned lønskostnadsandelen i det endelege vektgrunnlaget.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Det er ingen brot i tidsseriane.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Spørjeskjemaet er utforma slik at det går fram kva pris oppgåvegjevaren har rapportert dei føregåande månadene. Dette har til hensikt å sikre at det er prisen på den same vara som vert oppgitt ved kvar innsamling. Denne løysinga kan imidlertid leggje til rette for at oppgåvegjevarar av praktiske omsyn unnlet å innrapportere prisendringar, og berre fyller ut prisar frå den førre månaden. Det vert utført manuelle kontrollar for å identifisere dei mest opplagte feila av denne typen. Dersom ei vare oppgåvegjevaren har rapportert tidlegare har gått ut eller er utselt og ein rapporterar prisen på ei anna vare skal dette kommenterast på baksida av skjemaet eller under kolonna: "Bedriftens varebeskrivelse". Unnlet oppgåvegjevar å gjera det, kan prisforskjellen på to ulike produkt bli registrert som ei prisendring.

Dei tre røyrleggjargrossistane i utvalet dekker om lag 90 prosent av omsetnaden. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalsvarians eller utvalsskjeivheit.

Det er normalt ikkje noko fråfall i undersøkinga.

Rabattar: Røyrgrossistane oppgir listeprisar. Det betyr at vi mister prisendringar som skuldast endringar i rabattstrukturane.

Priseffektar som skuldast endringar i relative prisar: Prisforholdet mellom ulike varer og tenester vert endra over tid.

Utilfredsstillande handsaming av kvalitetsendringar: Statistisk sentralbyrå har ikkje sett i verk separate utrekningar av betydningen av desse målefeila i byggjekostnadsindeksane.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/priser-og-prisindekser/statistikker/bkiror/maaned?id=2316

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB