290012
/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/kvartal
290012
statistikk
2017-07-11T08:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Varehandel og tjenesteyting
no
engrospris, Prisindeks for engroshandel, engroshandel (for eksempel med næringsmiddel, drivstoff, byggjevarer)Produsent- og engrosprisindekser, Varehandel, Varehandel og tjenesteyting, Priser og prisindekser
true

Prisindeks for engroshandel

Oppdatert

Rettet:

Neste oppdatering

Nøkkeltal

0,1 %

utvikling i totalindeksa frå 1. kvartal til 2. kvartal 2017

Om statistikken

Prisindeks for engroshandel måler kvartalsvis prisutvikling for varer innen engroshandelen.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Representvare: Er nemning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av og som det blir innhenta prisar på.

Pris: som blir henta inn skal i prinsippet vere dei prisane verksemdene sel vidare til kundane sine som er detaljistar  OM)

Laspeyre prisindeks er ein prisindeks sett saman av fleire indeksar som blir brukte til berekning av den totale indeksen.

Standard klassifikasjonar

Prisen: Prisar som blir målte i denne indeksen er eksklusive meirverdiavgift, men inklusive andre offentlege avgifter. Rabattar som er uavhengig av storleiken på kjøpa til kundane skal trekkjast frå. For varer som blir omsette i fleire marknader til ulik pris, skal prisen i den marknaden som betyr mest for omsetninga i verksemda brukast. Prisen blir gitt opp den 15. i midterste månaden i kvartalet.

Indeksane blir publiserte etter Standard for næringsgruppering (SN2007).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Prisindeks for engroshandel
Emne: Priser og prisindekser

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for bygg- og tjenestestatistikk

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis.

Blir publisert ca. 15 dagar etter utgangen av kvartalet.

 

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata, informasjon om utvalseiningar og populasjon er lagra i programmeringsspråket SAS og blir langtidslagra som tekstfiler.                                                   .                                            ..

 

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med prisindeksen er å måle prisutviklinga i engroshandelen. Statistikken har tal tilbake til 1985.

Brukarar og bruksområde

Prisindeksen for engroshandel blir nytta  av offentleg  verksemd, bransjeorganisasjoner  og ulike aktørar innanfor varehandelen. Indeksen blir også nytta som grunnlag ved regulering av ulike typar kontraktar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre  lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Prisstatistikk for engroshandel blir nytta ved berekning av volumindeks.

Lovheimel

Statistikkloven §2-1,2-2 og §2-3(tvangsmulkt)

EØS-referanse

Ingen internasjonale krav

Produksjon

Omfang

Populasjonen er alle verksemder i Norge, med årleg omsetning over10 millionar kroner, innanfor næring Agentur - og engroshandel (SN2007:46), med unntak av næringshovudgruppe Agenturhandel (SN2007: 46.1).

Datakjelder og utval

 Frå SSB eige verksemds- og føretaksregister får vi opplysningar om geografisk plassering, talet på sysselsette og alder på verksemda. Prisane blir henta frå  verksemdene via web.

Utvalet består av ca 1000 verksemder og utgjer ca 15 prosent av verksemdene og 40 prosent av omsetninga. Berre verksemder med meir enn 10 millioner kroner i omsetning er med i utvalet. 1/4 av utvalet blir rullert ein gong i året. Noverande utval er trekt i 2016. Verksemder som har vore med i utvalet i fire år blir skifta ut dersom dei  ikkje høyrer til eit fullteljingsstrata. Populasjonen blir stratifisert etter næring og omsetning. Omsetningsgrensene mellom strata varierer frå næring til næring.

Datainnsamling, editering og beregninger

I tillegg til registerdata hentar vi opplysningar frå verksemdene i utvalet ved hjelp av spørjeskjema som blir sendt på Internett. Skjema blir sendt ut ca 15. i den midterste månaden i kvartalet. Frist for innsending er knapt 2 veker seinare.

Det er lagt inn logiske kontrollar i dataregistreringsrutinen. Store differansar i pris i forhold til tidlegare oppgitt, samt manglande pris eller prosentvis fordeling på varegrupper blir følgt opp vidare. For kvar enkelt verksemd blir oppgitte priser samanlikna for kvartalet med prisar gitt i førre kvartal, i tillegg til å sjå på lengre tidsseriar av prisar for kvar verksemd. Til slutt blir prisar på same vare samanlikna. Ved store endringar eller partielt fråfall blir oppgåvegivar kontakta over telefon. Dersom varen er utgått, ber vi verksemda om å oppgi pris på ein mest mogleg lik erstatningsvare.

Prisendringane blir også sammenlikna med tilsvarande i Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands.

Ved berekning av indeksen blir det brukt formel av typen Laspeyre. Indeksen som blir berekna i 6 trinn:

Trinn 1: For kvar verksemd i utvalet blir prisindeks berekna for dei representantvarene som har pris oppgitt i basisperioden og berekningsperioden.

Trinn 2: Det blir berekna ein prisindeks for kvar varegruppe som eit uvege gjennomsnitt av prisindeksane for representantvarene innanfor varegruppa

Trinn 3: Det blir berekna ein verksemdsprisindeks som eit vege gjennomsnitt av prisindeksane i varegruppa.

Trinn 4: Det blir berekna ein prisindeks for kvart strata innanfor ei næringsundergruppe som eit uvege gjennomsnitt av prisindeksene til verksemdene i strata. Verksemdene blir delte inn i 2 strata basert på omsetninga til verksemdene. Grensene for strata­inndeling varierer frå næring til næring.

Trinn 5: For kvar næringsundergruppe blir det berekna ein prisindeks som eit vege gjennomsnitt av prisindeksane til stratuma med omsetninga i stratuma som vekt.

Trinn 6: Prisindeksane for næringsgrupper, næringshovudgrupper og for engroshandel i alt blir berekna som eit vege gjennomsnitt på tilsvarande vis. Vi veg saman indeksane på eit nivå med dei aktuelle omsetningsdelane og summerer.

Frå verksemdene henter vi utover prisar også vektene til varegruppene. Frå varehandelsstatistikken hentar vi omsetningen til stratuma og omsetning til dei enkelte næringsgruppene. Omsetning frå siste tilgjengelege varehandelsstatistikk blir nytta som vekter.

.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det er ikkje mogleg å identifisere sensitive opplysningar frå verksemdene ut frå statistikken. Bruk av innsamla data frå oppgåvegivaren vil skje i samsvar med vedtak i statistikkloven

 

.

 

Samanlikningar over tid og stad

 Indeksen er publisert i noverande form sidan 1985.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Oppgåvegivar kan ha fylt ut skjema feil. Vi prøver å rette opp slike feil gjennom eit eige kontrollsystem.

Svarprosenten er om lag 98 prosent ved publisering.

Verksemder med fråfall blir purra og ilagde tvangsmulkt. Store verksemder som ikkje svarer blir også purra over telefon like før publisering. Forseinka rapportering, inklusiv underrapportering, er vanskeleg å berekne, men blir ikkje rekna å representere noka vesentleg feilkjelde.

Utvalet av verksemder som blir brukt til å berekne indeksen blir oppdatert ein gong i året. Verksemdene i utvalet står for om lag 40 prosent av omsetninga i populasjonen. Utvalet utgjer rundt 15 prosent av verksemdene i populasjonen

Revisjon

Tala som blir publiserte er endelege tal.

 

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/priser-og-prisindekser/statistikker/engrospris/kvartal?id=1433

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB