286471
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/kvartal
286471
statistikk
2017-06-13T08:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga, breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadTeknologi og innovasjon, Informasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Svalbard
true

Internett-målinga

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

84, 1

private breiband per 100 hushald

Faste breibandsabonnement
1. kvartal 20174. kvartal 20161. kvartal 20161. kvartal 2016 - 1. kvartal 2017
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 104 8992 097 5442 047 02257 8772,8
Private breiband
Talet på private breiband1 976 4321 965 4631 914 43162 0013,2
Private breiband per 100 hushald84,183,682,61,51,8
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)59,547,040,219,348,0
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)31,527,725,65,923,0
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband128 467132 081132 591-4 124-3,1
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)38,526,622,915,668,1
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)15,114,312,03,125,8

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Private breiband fordelt etter overføringskapasitet og fylke

Private breiband fordelt etter overføringskapasitet og fylke
1. kvartal 20171. kvartal 2017
Faste breiband i altPrivate breiband per 100 hushald= > 128 kbit/s <= 4 mbit/s> 4 Mbit/s <= 8 Mbit/s> 8 Mbit/s <= 16 Mbit/s> 16 Mbit/s <= 32 Mbit/s> 32 Mbit/s <= 64 Mbit/s> 64 Mbit/s <= 128 Mbit/s= > 128 Mbit/s <= 256 Mbit/s= > 256 Mbit/s <= 512 Mbit/s= > 512 Mbit/s <= 1024 Mbit/s= > 1024 Mbit/s> 128 Mbit/s
Rettet 20. juni 2017.
Heile landet1 976 43284,163 262244 343242 984451 149505 128301 23484 56381 8801 8881168 332
Fylke
Østfold106 31382,44 08714 85712 98824 85021 72117 8396 4943 473319 971
Akershus216 29387,24 90126 02922 32648 01648 61938 71216 32311 186181027 690
Oslo307 29692,47 98830 79626 80572 01274 29557 49730 7115 8301 362037 903
Hedmark69 45676,71 73813 19017 36813 61012 68210 297356440571
Oppland67 46477,42 24512 54916 87111 34913 7399 2461611 2941001 465
Buskerud102 37583,36 13910 75212 29517 49526 83116 6635 9416 23425012 200
Vestfold92 47684,02 53315 4298 85720 78721 19916 9601 2505 4461506 711
Telemark66 80584,33 1459 7707 11213 33919 0069 4526374 335904 981
Aust-Agder40 98680,56444 4515 94713 5339 6955 71885114700998
Vest-Agder64 74080,31 2197 8047 25020 15817 9276 3452 2471 790004 037
Rogaland165 44383,74 44112 67414 25218 89665 71729 4236 53613 46935020 040
Hordaland200 74787,04 60124 15724 28857 76557 26720 9424 1667 54813011 727
Sogn og Fjordane37 37380,72 1144 7377 86610 6046 8615 176960015
Møre og Romsdal94 06181,74 01510 58210 01919 86029 9818 1502 2749 1764011 454
Sør-Trøndelag120 53280,42 81418 30813 92332 34427 91917 7124 8702 635707 512
Nord-Trøndelag48 67782,51 1156 1287 8635 89215 54210 877525732301 260
Nordland88 09580,54 18311 14112 62422 44220 90010 0064426 352506 799
Troms - Romsa60 76480,34 2578 8117 65918 30210 4768 4969231 63220802 763
Finnmark - Finnmárku25 10074,41 0602 1746 4248 9224 6071 6871992430226
Svalbard1 079100,52139001303417109
Uoppgitt fylke357

Tabell 2 
Bedriftsbreiband fordelt etter overføringskapasitet og fylke

Bedriftsbreiband fordelt etter overføringskapasitet og fylke
1. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 20171. kvartal 2017
Faste breiband i alt= > 128 kbit/s <= 4 mbit/s> 4 Mbit/s <= 8 Mbit/s> 8 Mbit/s <= 16 Mbit/s> 16 Mbit/s <= 32 Mbit/s> 32 Mbit/s <= 64 Mbit/s> 64 Mbit/s <= 128 Mbit/s= > 128 Mbit/s <= 256 Mbit/s= > 256 Mbit/s <= 512 Mbit/s= > 512 Mbit/s <= 1024 Mbit/s= > 1024 Mbit/s> 128 Mbit/s
Rettet 20. juni 2017.
Heile landet128 46718 65418 29030 55034 12313 33310 0181 7765035107103 499
Fylke
Østfold6 7278981 0761 5471 70184350093172428162
Akershus13 5941 8032 0203 4153 4351 3081 251165465596362
Oslo19 5772 3331 9353 8224 8132 7672 5945431211644851 313
Hedmark4 9497647941 3651 168483299402311276
Oppland4 7738108501 3201 08037725752158479
Buskerud6 9351 0141 0651 8861 8565864225625187106
Vestfold5 9297858941 3521 7995794065734914114
Telemark4 2756806231 1201 159327271592311295
Aust-Agder2 5012994087846011871961654126
Vest-Agder3 7485015488081 161396280281012454
Rogaland10 5841 7151 1852 6162 7401 175709329594313444
Hordaland10 1011 7181 6532 7512 6607544587115147107
Sogn og Fjordane3 32556242584477633926553182518114
Møre og Romsdal7 6138841 1971 5652 0731 02370352415817168
Sør-Trøndelag7 3861 0941 3461 5292 0717175236416197106
Nord-Trøndelag2 6945414406018671766142118
Nordland6 9729109911 7662 164609443492019189
Troms - Romsa3 9504555208961 25347129339137362
Finnmark - Finnmárku1 9992662864747041957120103
Svalbard925158224200000
Uoppgitt fylke743

Om statistikken

Statistikken gir regional informasjon om kvaliteten på faste breiband i Noreg. Den viser talet på breiband, private breiband per 100 hushald, i tillegg til median- og gjennomsnittshastigheit på breibandsabonnementa.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Internett-abonnement: Ei teneste som gjev sluttbrukarar tilgang til Internett.

Fast tilgang til Internett: Alle teknologiar som krev ein fast kopling via kabel (som koppar, koaksial, fiber) eller fastmontert antenne (som for mottak av radiosignal frå bakkesendar eller satellitt).

Breiband: I denne statistikken vert breiband rekna som Internett-abonnement med teoretisk mogleg overføringskapasitet ved nedlasting frå nettet til den lokale brukaren høgare enn 128 kbit per sekund.

Bedriftskunde: Bedrift, føretak, organisasjon, institusjon eller offentleg verksemd.

Privatkunde: Hushald og privatpersonar. Omfattar og faste koplingar i fritidsbustader.

Overføringskapasitet (nedlasting): Den teoretisk moglege rekna i kilobit / Megabit per sekund.

Inndelinga i grupperingar for overføringskapasitetar (nedlasting) er f.o.m. 4. kvartal 2008: 
> 128 kbit/sekund =< 512 kbit/sekund
> 512 kbit/sekund =< 1 Mbit/sekund 
> 1 Mbit/sekund =< 2 Mbit/sekund
> 2 Mbit/sekund =< 4 Mbit/sekund
> 4 Mbit/sekund =< 8 Mbit/sekund 
> 8 Mbit/sekund =< 16 Mbit/sekund 
> 16 Mbit/sekund =< 32 Mbit/sekund 
> 32 Mbit/sekund =< 64 Mbit/sekund 
> 64 Mbit/sekund =< 128 Mbit/sekund
over 128 Mbit/sekund

Standard klassifikasjonar

Fylke og kommune.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Internett-målinga
Emne: Teknologi og innovasjon

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for transport-, reiselivs- og IKT-statistikk

Regionalt nivå

Kommune.

Kor ofte og aktualitet

Kvartalsvis. Tal for slutten av eit kvartal publiserast innan utgangen av neste kvartal.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Filer med kontrollerte og reviderte rådata vert lagra og kan gjerast tilgjengeleg for forskarar. Ferdig koda produksjonsdata på kommunenivå vert lagra i Statistikkbanken og er tilgjengeleg for alle.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med undersøkinga er produksjon av detaljert regional informasjon om kvaliteten på infrastrukturen som formidlar tilgang til Internett til bedrifter og privatpersonar. Statistikken vart fyrste gong publisert for 1. kvartal 2002. Nærings- og handelsdepartementet har støtta utviklinga av undersøkinga økonomisk.

Brukarar og bruksområde

Statistikken vert også brukt av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Samferdselsdepartementet, Innovasjon Norge, næringsorganisasjonar, forskingsinstitusjonar og media.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.

Samanheng med annan statistikk

Gjennom utvalsundersøkingane "Bruk av IKT i husholdningene" og "Bruk av IKT i næringslivet" produserer Statistisk sentralbyrå statistikk om IKT-bruk blant privatpersonar og føretak. Sjølv om tala ikkje kan samanliknast direkte, er statistikk frå Internett-målinga eit supplement til dei to undersøkingane. I desse to undersøkingane er breiband definert annleis enn i Internett-målinga.

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) bruker den same definisjonen av fast breiband. Deira eKom-statistikk skal gje om lag same totale tal for dei to marknadene delt på dei ulike teknologiane. eKom-statistikken har ikkje opplysningar om abonnementa fordelt etter geografisk område. Derimot inneheld eKom-statistikken tal for mobile breiband, som ikkje er dekt av denne statistikken.

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2 og 2-3.

EØS-referanse

Ikkje relevant.

Produksjon

Omfang

Populasjonen for undersøkinga er alle føretak som leverer fast tilgang på breiband til Internett til sluttbrukarar i Noreg og Svalbard. Bibliotek, Internett-kafear, verksemder som tilbyr ulike former for mellombels Internett-tilgang via heimesider og liknande er ikkje inkludert i populasjonen. Leverandørar av mobilt breiband er ikkje med i undersøkinga. Statistikken omfattar frå og med 4. kvartal 2006 abonnement tilbydd av alle slag internettleverandørar. Det gjeld og gratis tilgang til breiband via kommunen.

I Noreg har føretak som leverer tilgang til Internett til sluttbrukarar (bedrifter og privatpersonar) ikkje registreringsplikt. Det er såleis mogleg at enkelte mindre leverandørar av Internett-tilgang ikkje vert dekt av undersøkinga. Det kan særleg gjelde små, lokale kabel-TV selskap som også leverar Internett med breiband. Måten dei driftar anlegga sine på gjer det noko komplisert å få dei med i undersøkinga. Arbeidet med å gjera statistikken fullt ut dekkjande held fram.

Populasjonen vert i starten avdekt gjennom kontakt med NIX (Norwegian Internet Exchange), den internasjonale organisasjonen RIPE NCC (Réseaux IP Européens Network Coordination Centre) og studiar av bransjemedia. NIX, som er eigd og drive av Universitetet i Oslo, er to samtrafikkpunkt for utveksling av trafikk på Internett. Leverandørar av Internett-tilgang tilkopla NIX har høve til å inngå avtalar med såkalla "virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang om vidaresal av Internett-tilgang. "Virtuelle" leverandørar av Internett-tilgang leiger infrastruktur av andre. Opplysningar frå Internett-leverandørar tilkopla NIX gjer det mogleg å lokalisera "virtuelle" leverandørar av tilgang til Internett. Informasjon om leverandørar av Internett-tilgang registrert hjå RIPE NCC supplerer data innhenta frå NIX. RIPE NCC er ein organisasjon som tildeler leverandørar av Internett-tilgang adresser på Internett.

Næringa som leverer Internett-tilgang har ein ustabil struktur. Det gjer systematisk innhenting av informasjon frå bransjemedia, bedrifts- og føretaksregisteret og frå Internett naudsynt for å tilpassa populasjonen til endringar som samanslåingar og nedleggingar eller nye aktørar. Det er etablert eit samarbeid med Post- og teletilsynet om oppdatering av populasjonen.

Datakjelder og utval

Data vert henta inn direkte frå leverandørar av Internett-tilgang.

Totalteljing av alle norske leverandørar av Internett-tilgang til sluttbrukarar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Kvartalsvis datainnsamling som tar til i starten av neste månad. Frist for innsending er tre veker. Data vert overført frå oppgåvegjevarane i Excel, flat fil i ASCII-format eller XML. Frå 2009 har innleveringa skjedd via Altinn. Små leverandørar rapporterar kun ein gong i året, i 3. kvartal, for å minske oppgåvebyrden deira. Tala dei sender inn i 3. kvartal blir brukt i dei neste tre kvartala. Vi har rekna ut at dette gir minimale utslag på tal om gjennomsnittshastigheit og utbreiing.

Innkomne data vert samanlikna med data frå føregåande kvartal for kvar oppgåvegjevar. Store avvik vert kontrollert, og om naudsynt vert oppgåvegjevar kontakta. Samstundes vert ugyldige postnummer kontrollert. Når alle data er registrert vert tal for kvar kommune samanlikna med tal for føregåande kvartal. Årsaka til store avvik vert undersøkt.

Talet på privatkundar per 100 hushald vert rekna ut for kvar kommune, fylke og for landet. Talet for hushald er frå og med 4. kvartal 2006 henta frå årleg registerbasert statistikk over hushald.

Den nye inndelinga av overføringshastigheit frå og med 4. kvartal 2008 gjorde det mogeleg å rekne ut medianverdien og gjennomsnittet for abonnementa. Ved utrekningane vert det føresett at abonnementa i kvar hastigheitsgruppe delar seg jamt på alle verdiane i gruppa. Desse indikatorane på kvalitet er og rekna ut tilbake til 2004. For åra 2006 til ny inndeling kom i 2008 er desse utrekningane mindre sikre.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det er ikkje publisert tall for kommunar med færre enn 10 abonnement.

Samanlikningar over tid og stad

Definisjonen for breiband blei frå og med 4. kvartal 2004 endra. Publiseringane før dette kan dermed ikkje samanliknas med nyare publiseringar. For nokre av dei viktigaste variablane finst det ubrotne tidsseriar frå 1. kvartal 2002. Statistikken vart fyrste gongen produsert i 2002.

Avgrensinga til berre kommersielle leverandørar vart oppheva frå og med 4. kvartal 2006. Dette gjev store utslag i tala for kommunane Modalen og Tranøy.

Mobilt breiband blei tatt ut av undersøkinga frå og med 4. kvartal 2008. Tal for mobile breiband blei tatt ut og alle tal tilbake til 3. kvartal 2006 er korrigerte.

Ny inndeling av hastigheit frå 4. kvartal 2008 gjer at direkte samanlikning for alle grupper av hastigheit ikkje er mogleg før og etter dette brotet.

Undersøkinga skil ikkje mellom abonnement i faste bustader og fritidsbustader. Kommunar med mange fritidsbustader kan difor få svært høge tal for privatabonnement per hushald.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Internett-leverandørane fordeler abonnementa geografisk på postnummer. Alle gyldige postnummer har ein kopling til minst ein kommune. Nokre av postnummera er forelda eller ugyldige. Dersom det ikkje er tvil om intensjonen til oppgåvegjevaren, vert postnummeret kopla til riktig kommune.

Nokre postnummer går på tvers av kommunegrenser og i slike fall vert ein av kommunane valde. Dette kan føre til mindre feil i delinga av abonnementa mellom kommunar. Nokre få feil i delinga av abonnementa mellom postnummer og dermed kommunar har blitt oppdaga. Når slike feil oppstår eller vert korrigerte kan det gjere store utslag på talet på abonnement i høve til hushalda i einskilde kommunar.

Leverandørane av Internett-tilgang skil mellom bedrifts- og privatkundar. Ei bedrift må betala ein høgare pris for Internett-tilgang enn privatkundar, men mottek også betre kvalitet på tenesta. Nokre småbedrifter vel av kostnadsomsyn å bruka privatabonnement. Det kan såleis skjula seg bedrifter bak tala for privatkundar.

Arbeidstakarar med heimekontor får ofte tilgang til Internett heime via oppkoplinga til føretaket. Det tyder at fleire har tilgang til Internett i heimen enn talet på privatabonnement indikerer. Internett-leverandørane nyttar faktureringsadresser til å finna den geografiske lokaliseringa til kundane. For bedriftskundar med fleire geografiske lokaliseringar tyder det at berre ein av dei vert innrapportert. Til dømes vil bedrifter med faktureringsadresse i Oslo og avdelingar andre stader oppførast med eit abonnement utelukkande i denne byen.

Somme internettleverandørar gjev kundar tilbod om online registrering av abonnement. Det skaper utryggleik for kvaliteten på data om den geografiske lokaliseringa. Dersom det ikkje finst andre utvegar, vert oppgåvegjevarane bedne om å gje overslag. Abonnement som det ikkje er mogleg å stadfesta, vert klassifisert som "Uspesifisert".

Endringar i marknaden med fusjonar og oppkjøp eller overføring av kundar mellom føretak kan gje opphav til feil som til dømes dobbeltregistrering av abonnentar. Slike feil er avdekka for store leverandørar nokre få gongar. Korrigerte tal er publiserte.

Målt i høve til den totale mengda respondentar ligg svarprosenten på om lag 95 prosent. Sidan fråfallet berre inkluderer mindre leverandørar av Internett-tilgang, utgjer innleverte data truleg nær 100 prosent av den totale marknaden. Manglande data vert imputert med tal frå føregåande kvartal.

Det er inga feilkjelder ved utvalgstrekking siden undersøkinga er fullteljing.

Registerfeil: Sidan føretak som leverer Internett-tilgang til sluttbrukarar ikkje har registreringsplikt, må SSB gjennom ymse kjelder skapa eit register. Det er mogleg at dette registret ved enkelte høve ikkje er oppdatert. Dette kan medføra underdekking.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Error occured rendering window "Statistikkside - faktaside inngang" (key 209) while handling request to site path: /0/teknologi-og-innovasjon/statistikker/inet/kvartal?id=1464

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB