Auke i eksportprisen for fersk laks

Publisert:

I veke 15 i 2017 var eksportprisen for fersk laks 65,13 kr/kg, ei auke på 3,7 prosent samanlikna med veka før, viser nye tal frå statistikken Eksport av laks.

Figur 1

Figur 1. Eksportpris for fersk eller kjølt oppalen laks

Eksportkvantum for fersk laks i veke 15 enda på 11 516 tonn, 38,3 prosent lågare enn i veka før då volumet var 18 658 tonn. Eksportkvantumet pleier å vere lågt i påskeveka.

I veke 15 i 2017 vart det eksportert 331 tonn frosen laks, og prisen var 62,74 kr/kg.

Figur 2

Figur 2. Eksportkvantum for fersk eller kjølt oppalen laks