280968
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
280968
Auke i sal av tenester til utlandet
statistikk
2017-03-20T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
true

Utanrikshandel med tenester4. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Auke i sal av tenester til utlandet

Noregs eksport av tenester auka med 15 prosent frå 3. til 4. kvartal 2016, og enda på 58 milliardar kroner. Tenesteimporten enda på 61 milliardar kroner, som var ein liten auke frå 3. kvartal. Som tidlegare i 2016 var det framleis et underskot i tenestebalansen med utlandet i 4. kvartal.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
4. kvartal 2016Endring i prosent
3. kvartal 2016 - 4. kvartal 20164. kvartal 2015 - 4. kvartal 2016
Eksport58 28714,6-10,5
Import61 1893,1-8,4

Salet av tenester frå ikkje-finansielle føretak til utlandet fall kraftig det fyrste kvartalet i 2016 samanlikna med kvartalet før. Tenesteeksporten heldt seg deretter lågt i 2. og 3. kvartal, før det tok seg opp at mot slutten av året. Etter eit kraftig fall i fyrste kvartal har importen av tenester heldt seg relativt stabil gjennom dei tre siste kvartala i 2016.

Eksporten av tenester auka med nær 15 prosent frå 3. til 4. kvartal 2016, som var ein oppgang på 7,4 milliardar kroner. Samanlikna med same kvartal året før var det derimot ein nedgang i eksporten på 6,8 milliardar kroner, eller 10,5 prosent.

Importen av tenester kom opp i 61,2 milliardar kroner i 4. kvartal 2016, ei auke på 3,1 prosent frå det føregående kvartalet, om lag 1,8 milliardar kroner. Samanlikna med 4. kvartal i 2015 gjekk tenesteimporten ned med om lag 5,6 milliardar kroner.

Sjølv med ein kraftig auke i eksporten av tenester i 4. kvartal 2016 held underskotet på tenestebalansen fram gjennom heile 2016. Balansen for tenestehandelen i 4. kvartal 2016 enda med eit underskot på om lag 2,9 milliardar kroner, som var ei forbetring på 5,6 milliardar kroner frå føregåande kvartal.

Tenesteeksporten vert dominert av sjøtransporttenester

Salet av sjøfartstenester på nær 20 milliardar kroner utgjorde om lag ein tredel av Noregs tenesteeksport i 4. kvartal 2016. Sjøfartstenester var framleis den største gruppa tenester Noreg eksporterte til utlandet, trass iein nedgang i eksporten på 14,2 prosent frå same kvartalet året før.

Forretnings-, profesjons- og tekniske tenester var gruppa som utgjorde den største delen tenesteimporten til Noreg i 4. kvartal 2016. Kjøp av desse tenestene stod for 20,4 prosent av den totale tenesteimporten, som var ein auke på 27 prosent frå føregåande kvartal. Tenester tilknytt transport- og reiseverksemd, samt petroleumstenester, stod begge for 15 prosent av den totale tenesteimporten.

Transport og lagring største eksportnæring

Den klart største eksportnæringa er transport og lagring, som i 4. kvartal stod for heile 42,9 prosent av tenesteeksporten og enda på 25 milliardar kroner. Frå 4. kvartal 2015 til 4. kvartal 2016 fall eksporten frå denne næringa med 5,6 milliardar kroner, som var ein nedgang på 18,5 prosent.

Næringa transport og lagring, samt næringa bergverksdrift og utvinning, står til saman for over halvparten av tenesteimporten. Dei stod for høvesvis 27,3 prosent og 27 prosent av importen i 4. kvartal, eller i overkant av 16,5 milliardar kvar. Begge næringane hadde ein nedgang frå same periode i for, med ein fall på 14,2 prosent for næringa transport og lagring, og 5.9 prosent for bergverksdrift og utvinning.

EU utanom Norden viktig handelspartnar

Handel med EU-land utanom Norden stod for den største andelen av tenestehandelen i 2016. Salet av tenester til desse landa utgjorde 33,5 prosent av den totale tenesteeksporten for heile året, med ein verdi på 72 milliardar kroner. Andelen av import frå desse landa var på 40 prosent, til ein verdi av 98 milliardar kroner.

Andelen av eksporten til nordiske land auka med 3,3 prosentpoeng frå 2015 til 2016, og enda på 36 milliardar kroner. Noreg importerte tenester frå Norden til ein verdi av 50 milliardar kroner i 2016 – eit fall på med 1,1 prosent frå 2015.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB