246700
246700
Verdifall for norske eigedelar i utlandet
statistikk
2016-10-11T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
true

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Oppdatert:

Verdifall for norske eigedelar i utlandet

Etter fleire år der eigedelane som norske føretak disponerer i utlandet har auka, gjekk talet ned i 2015. Verdien på dei totale eigedelane var ved utgangen av 2015 om lag 1 650 milliardar kroner, om lag 3 prosent mindre enn i 2014.

Eigedelar og gjeld overfor utlandet (mill. kr)1
Mill. krProsent
20152014 - 20152012 - 2015
1Tala frå nyeste årgang er førebelse.
Eigedelar i alt1 653 572-2,76,4
Anleggsmidlar1 167 8023,02,2
Omløpsmidlar485 770-14,118,0
 
Gjeld i alt1 537 4072,122,5
Langsiktig gjeld1 088 6059,936,9
Kortsiktig gjeld448 802-13,0-2,5
Figur 1. Eigedelar overfor utlandet

Det var omløpsmiddel i utlandet som stod for nedgangen, med eit fall på 14 prosent frå 2014. Anleggsmiddel auka med 34 milliardar, om lag 3 prosent.

Store forskjellar mellom verdsdelane

I Europa gjekk dei totale eigedelane til norske føretak ned med 9 prosent, som utgjer 115 milliardar kroner. Den største delen av eigedelane til norske føretak låg i Belgia, Nederland og Sverige.

I verdsdelane Asia, Oseania og Sør-, Nord- og Mellom-Amerika gjekk verdien på dei totale eigedalane opp, medan det òg var ein nedgang i verdiane i Afrika.

Gjeldsauken overfor utlandet flatar ut

Ved utgangen av 2015 var den totale gjelda mot utlandet på 1 537 milliardar kroner, som utgjer ein auke på 2 prosent i forhold til 2014. Den langsiktige gjelda auka med 10 prosent i perioden, medan den kortsiktige gjelda gjekk ned med 13 prosent.

Ny institusjonell sektorgruppering verkar inn på samanlikninganeÅpne og lesLukk

Frå og med rekneskapsåret 2012 er det innført ny institusjonell sektorgruppering. Dette kan verke inn når ein skal samanlikne med tidlegare periodar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB