[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 10, 1996

Mindre laks – meir sjøaure tatt i elvane


Det blei fiska i alt 413 tonn laks, sjøaure og sjørøye i elvane i 1995. Det er 19 tonn mindre enn i 1994.

Fangsten var fordelt med 325 tonn laks og til saman 88 tonn sjøaure og sjørøye. I forhold til året før utgjer dette 7 prosent mindre laks og 9 prosent meir av dei to andre fiskeslaga. 41 prosent av laksen var under 3 kilo, 27 prosent mellom 3 og 7 kilo og 32 prosent over 7 kilo. Gjennomsnittleg vekt var 2,9 kilo i 1995 mot 3 kilo i 1994. For sjøaure og sjørøye var gjennomsnittleg vekt 1 kilo begge åra.

Tana det viktigaste vassdraget
I 1995 som tidlegare år var Tana med bielvar det viktigaste vassdraget. Der vart det teke opp 60 tonn av dei tre fiskeslaga. Det er ein nedgang på 30 prosent frå året før. Deretter følgde Namsen, Gaula, Numedalslågen og Altaelva. Førstehandsverdien av fisket i elvane er for 1995 utrekna til ca. 18 millionar kroner.


Ny statistikk

Lakse- og sjøaurefiske, 1995.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiske og oppdrett av laks mv. og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Kristin Bagaas, tlf. 62 88 52 30 eller Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31.

Tabeller


Ukens statistikk nr. 10, 1996