Både i 1980-åra og i 1990-åra har avgangen av bruk vore om lag 2 300 per år. I 1980-åra gjekk utviklinga i retning av ein aukande del unge brukarar. I 1990-åra har utviklinga gått i motsatt retning.
1. juni i år var det 81 600 bruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift her i landet. Sidan 1992 har jordbruksdrifta blitt lagt ned på 9 700 bruk. Dette tilsvarer ein nedgang på 10,5 prosent, eller 2,6 prosent per år. Det er særleg i aldersgruppa under 40 år det er blitt færre brukarar dei siste åra.
Små endringar for ku
Talet på bruk med ku minka forholdsvis sterkt i 1980-åra. Seinare har
endringane vore mindre. Per 1. juni i år var det 28 500 bruk med ku. I 1980 var
det 37 400 og i 1990 var det 29 200 bruk som hadde ku. I 1980-åra var det
særleg små buskapar det vart færre av. I 1990-åra har strukturen endra seg lite.
Sterk strukturendring i sauehaldet
Bruk med sau har gått ned 37 prosent frå 41 600 i 1981 til 26 300 i år.
Samstundes har sauetalet auka med 18 prosent til vel 2,5 millionar dyr (vaks-ne
og lam). Dette viser ei sterk strukturendring i sauehaldet. I 1981 hadde 63
prosent av bruka med sau færre enn tjue vaksne sauer. I 1996 hadde 31 prosent
av sauebruka under tjue sauer. Motsett hadde 10 prosent av sauebruka i 1981
over femti sauer, medan tilsvarande i 1996 var 28 prosent.
Statistikken for 1996 syner at om lag kvart tredje bruk med sau hadde mindre enn femti dekar jordbruks-areal i drift.
Om statistikken
Dyretala er henta frå Utvalsteljing for landbruket 1996. Utvalsteljinga har og
med spørsmål om miljø og skogbruk. Resultat frå desse emneområda vil bli
publiserte i Ukens statistikk og NOS Jordbruksstatistikk så snart dei ligg føre.