Igangsetjingstalet for andre bygg enn bustader har auka jamt sidan 1991. Påbegynt bruksareal til slike bygg i 1996 er 17 prosent høgare enn i 1995. Om lag ein fjerdedel av igangsett areal i 1996 gjekk til fritidseigedomar, garasjar til private og anna som ikkje er næring. Mykje bruksareal vart også påbegynt innan industri, varehandel og jordbruk og skogbruk.
Førebels tal viser at det vart sett i gang 3 613 000 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i 1996 mot 3 079 600 kvadratmeter i 1995. Tala viser også at det vart sett i gang 18 300 bustader i 1996.
Størst auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader frå 1995 til 1996 har Vest-Agder og Sør-Trøndelag. I begge desse fylka er auken på godt og vel 70 prosent. Også Oslo, Rogaland, Nord-Trøndelag og Troms kan visa til kraftig auke i påbegynt bruksareal til slike bygg. Størst nedgang i igangsetjingstal har Finnmark. I dette fylket vart det sett i gang 34600 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader i 1996 mot 59 400 kvadratmeter i 1995. Dette tilsvarar ein nedgang på 42 prosent. Stor nedgang er det også i Sogn og Fjordane. Igangsetjingstalet i dette fylket for 1996 er 30 prosent lågare enn i 1995.
Færre, men større bustader
Førebels tal viser at det vart sett i gang 18 300 bustader i 1996 mot
19700 i 1995. Dette er ein nedgang på 7 prosent. Igangsett bruksareal til
bustader i 1996 er likevel berre 1 prosent lågare enn i 1995. Dette tilseier at
bustader bygde i 1996 gjennomsnittleg er større enn bustader bygde året før.
Telemark, Sogn og Fjordane og Hedmark har størst nedgang i igangsetjingstalet for bustader i 1996 i høve til i 1995. I Telemark var nedgangen 38 prosent, i Sogn og Fjordane 37 prosent og i Hedmark 31 prosent. Berre fem fylke kan visa til auke i igangsetjingstalet for bustader frå 1995 til 1996. Størst auke har Vestfold og Vest-Agder. I Vest-Agder auka igangsetjingstalet frå 606 i 1995 til 820 i 1996. Dette er ein auke på 35 prosent. For Vestfold er auken 26 prosent.
Stor aktivitet i desember
Igangsetjingstala for desember 1996 viser stor aktivitet samanlikna med
desember 1995. Dei er også høge samanlikna med tidlegare år. I desember 1996
vart det sett i gang 1 795 bustader mot 1 275 i same månad året før. Dette er
ein auke på 41 prosent. Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader har
auka med 48 prosent. I desember 1996 vart det i alt sett i gang 327 400
kvadratmeter bruksareal til slike bygg.
Trondheim kommune manglar
Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i desember 1996 er
ikkje registrert i GAB-registeret. Desembertala i teksten ovanfor og i
vedleggstabellane er derfor unnateke Trondheim kommune.
Om statistikken
Byggjearealstatistikken er bygd på bygningsregisteret i Grunneigedoms-,
Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret,
medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane
registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen,
igangsetjing og fullføring. Totale og fylkesvise tal for talet på bustader,
bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg vert publiserte kvar
månad. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.
Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i desember var etterslepet gjennomsnittleg 3,0 månader for bustader og 3,5 månader for andre bygg.