[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 6, 1997

Sjøfiske etter laks og sjøaure, 1996:

Auka fangst i Nord-Noreg


Det blei fiska i alt 531 tonn laks og sjøaure i sjøen i 1996. Dette er om lag like mykje som året før. Medan det frå 1994 til 1995 var nedgang i fisket i dei fleste fylka, var det i 1996 store distriktvise variasjonar. I Nord-Noreg auka fangsten med 35 prosent.
På Nordvestlandet og i Trøndelag var det stor nedgang. Særleg stor var nedgangen i Sør-Trøndelag. I landet elles var det stort sett auke i fisket.

Størst fangst var det i Finnmark, men også i dei andre fylka frå Nord-Trøndelag og nordover blei det fiska mykje laks. I alt blei det fiska 520 tonn laks og 11 tonn sjøaure. 23 prosent av laksen var under tre kilo, 48 prosent mellom tre og sju kilo og 29 prosent over sju kilo. Gjennomsnittleg vekt var 4,2 kilo. 343 tonn av fisken blei tatt med kilenot og 188 tonn med krokgarn.

Førstehandsverdien av fisket i sjøen er utrekna til om lag 27 millionar kroner. Blant kommunane hadde Namsos, Sør-Varanger og Loppa dei største fangstane i 1996.

Ny statistikk

Sjøfiske etter laks og sjøaure, 1996.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk, og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk og Lakse- og sjøaurefiske. Meir informasjon: Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no eller Kristin H. Bagaas, tlf. 62 88 52 30, e-post:kuh@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 6, 1997