[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1997

Investeringstiltak i jordbruket, 1996:

Mindre miljøtilskott til jordbruket

Det vart utbetalt 67,6 millionar kroner i statstilskott til tekniske miljøtiltak i jordbruket i 1996. Det er 10,6 millionar kroner, eller 14 prosent mindre enn i 1995.

Ordninga med statstilskott til tekniske miljøtiltak vart iverksett hausten 1988. Formålet er å verne jordbruksområde, hindre erosjon, arealavrenning og forurensing frå punktkjelder. Utbetalingane av tilskott auka år for år til og med 1993. Frå og med 1994 har utbetalingane gått ned.

I 1996 gjekk 63 prosent av utbetalingane til gjødsellager og 18 prosent til silo- og pressaftanlegg. Det vart utbetalt mest tilskott i Nord-Trøndelag med 12,7 millionar kroner.

Færre godkjende planar
Det vart godkjend 1 600 planar i 1996. Det er 250 færre enn året før. Innvilga tilskott i fjor var på 71 millionar kroner, ein nedgang på 4,9 millionar frå året før.

Om statistikken
Statistikken over ymse tiltak med investeringstilskott byggjer på søknader som Landbruksdepartementet samlar inn. Tilskotta vert gitt etter nærare retningsliner fastsett av Landbruksdepartementet.

Ny statistikk

Investeringstiltak i jordbruket, 1996.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Randi Bagaas, tlf. 62 88 52 34, e-post: bga@ssb.no eller Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no .

Tabellar

Ukens statistikk nr. 12, 1997