[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1997

Byggjearealstatistikk, februar 1997:

Positiv trend i bustadbygginga


Trass i at tal for Trondheim kommune manglar for 1997, viser ny statistikk at det vart sett i gang bygging av 20 prosent fleire bustader dei to
første månadene i år enn i fjor. Trenden i igangsetjingstalet for bustader har vore positiv sidan årsskiftet 1995/1996.
Bygging av i alt 2 815 bustader vart igangsett i januar og februar 1997. Av desse vart 1 288 sette i gang i februar. Alle fylka unnateke Oslo, Oppland, Hordaland, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Finnmark kan visa til auke i igangsetjingstalet for bustader dei to første månadene i år samanlikna med same periode i fjor. Størst auke hadde Sogn og Fjordane. Også i Østfold, Telemark og Troms var auken i igangsetjingstalet stor.

Dei to første månadene i år vart det igangsett 3 prosent meir bruksareal til andre bygg enn bustader enn i same periode i fjor. Oslo hadde størst aktivitet innan slike bygg. I dette fylket vart bygging av 94 600 kvadratmeter bruksareal sett i gang. Om lag ein tredjedel av dette arealet vart sett i gang innan offentleg forvalting. Sa-manlikna med same periode i fjor hadde Østfold, Akershus og Telemark størst auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader.

I februar i år vart det sett i gang bygging av 259 800 kvadratmeter bruks-areal til andre bygg enn bustader. Dette er 9 prosent mindre enn i same månad i fjor. Om lag 40 prosent av bruksarealet som vart sett i gang i feb-ruar gjekk til industri, offentleg forvalting og undervisning.

Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i januar og februar 1997 er ikkje registrerte i GAB-registeret. Tala for 1997 i teks-ten ovanfor og i vedleggstabellane er derfor unnateke Trondheim kommune.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til and-re bygg. For bygg registrerte i februar 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,6 månader for bustader og 4,1 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 9]

Figur 9: Talet på igangsette bustader. Ujustert og trend.
Januar 1990-februar 1997


[Figur 10]

Figur 10: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Ujustert
og trend. Januar 1990-februar 1997


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, februar 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 13, 1997