[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]

Ukens statistikk nr. 22, 1997

Utanrikshandel med fisk og fiskeprodukt, 1996:

Eksporten av sild og brisling auka mest i fjor


Eksporten av fisk og fiskeprodukt auka med om lag 12 prosent til 1,8 millionar tonn i 1996. Utførselsverdien var 22,4 milliardar kroner. Også dette er ein auke på 12 prosent.
Det var stor auke i utførsel av fersk, kjølt og frosen sild og brisling. Verdien auka med 76 prosent til 2,0 milliardar kroner. Dei største kjøparane var Polen og Russland.

214 000 tonn oppdretta laks blei eks-portert, ein auke på 13 prosent frå året før. Verdien var om lag den same som i 1996 grunna lågare prisar, og utgjorde 25 prosent av den totale utførselsverdien for fisk og fiskeprodukt. Danmark kjøpte 23 prosent av den oppdretta laksen som blei utført, og Frankrike kjøpte 19 prosent.

EU-landa kjøpte fisk og fiskeprodukt frå Noreg for 13,8 milliardar kroner i fjor. Dette utgjorde 62 prosent av samla utførselsverdi. Danmark og Frankrike var dei største kjøparane av EU-landa, med innførsel for respektive 2,4 og 2,2 milliardar kroner.

Japan og Brasil store mottakarar av norsk fisk
Av land utanfor EU var det Japan og Brasil som var dei største mottakara-ne av fisk og fiskeprodukt med kjøp for respektive 2,5 og 1,1 milliardar kroner. Japan kjøpte 48 prosent av den frosne fisken som blei utført, medan 49 prosent av klippfisken gjekk til Brasil.

568 000 tonn fisk og fiskeprodukt blei innført, til ein verdi av 3,5 milliardar kroner. Dei tilsvarande tala for 1995 var 534 000 tonn og 3,1 milliardar kroner. Også i 1996 blei det innført mest frå Russland og Danmark, for respektive 958 og 556 millionar kroner. Frå Russland var det fersk og kjølt fisk som utgjorde den største gruppa med 563 millionar kroner.

[Figur 7]

Figur 7: Utanrikshandel med fisk og fiskeprodukt. 1991 og 1996. Millionar kroner


Ny statistikk

Utanrikshandel med fisk og fiskeprodukt, 1996.
Statistikken byggjer på utanrikshandelen med varer som Statistisk sentralbyrå offentleggjer kvar månad, men med andre grupperingar. Den kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiskeristatistikk. Meir informasjon: Kristin Bagaas, tlf. 62 88 52 30, e-post: knh@ssb.no eller Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no.

Tabellar

Tabeller

* Tabell 10-1:

Ukens statistikk nr. 22, 1997