[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1997

Husdyrhald, per 31. desember 1996:

Sterk auke i produksjonen av fjørfeslakt


I perioden 1. august til 31. desember 1996 blei det sett på 11,1 millionar kyllingar til oppfôring, 29 prosent fleire enn i same periode året før. Talet på bruk med produksjon av fjøfeslakt i 1996 var 600, det same som året før.
Færre bruk hadde mjølkeku, sau, svin og høner i fjor, men fleire hadde ammeku. 52 800 husdyrbrukarar søkte om produksjonstillegg. Dette er ein nedgang på 900 frå året før. Det blei søkt om produksjonstillegg for 1 026 000 storfe. Av desse var 326 000 mjølkekyr og 23 000 ammekyr. Talet på ammeku auka med 15 prosent frå året før.

Flest husdyrbrukarar i Rogaland
Rogaland var framleis det fylket som hadde flest husdyrbrukarar med 5 887. I dette fylket var det flest storfe, sau, svin og høner. Østfold hadde flest slaktekyllingar, medan Troms hadde flest mjølkegeiter.

Færre sauer, fleire slaktesvin
Det var 1,1 millionar vinterfôra sauer her i landet i fjor, 3 prosent mindre i høve til året før. Nedgangen var særleg stor i Rogaland og Hordaland, som følgje av nedslakting på grunn av skrapesjuke. Talet på mjølkegeiter var 58 800, om lag det same som året før.

I 1996 var talet på alssvin 91 000, det same som året før. Talet på slaktesvin til oppfôring i perioden 1. august til 31. desember 1996 var 596 800, ein auke på 6 prosent i høve til same periode året før. Talet på høner har gått ned med knapt 5 prosent til 3,4 mil-lionar i 1996.

[Figur 5]

Figur 5: Talet på slaktekylling1. Millionar


Ny statistikk

Husdyrhald, per 31. desember 1996.
Statistikken er bygd på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg per 31. desember. Den kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS)Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild Langbakk Bruholt, tlf. 62 88 51 86, e-post: rab@ssb.no eller Kjell Erik Kordal, tlf. 62 88 51 82, e-post: kor@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 22, 1997