Det vart registrert 4,8 millionar betalande besøkjande i 1996. Dette utgjer knapt 55 prosent av alle besøkjande. Nær halvparten, eller 49 prosent av dei besøkjande var enkeltbesøk.
8,84 millionar menneske besøkte norske museum og samlingar i 1996. Dette er ein auke på knapt 40 000 samanlikna med 1995 og 175 000 fleire enn i 1994.
Norske museum og samlingar hadde meir enn 5 000 verneverdige bygningar og nær 22 millionar ulike gjenstandar/inventarnummer. Av desse var meir enn 10 millionar naturhistoriske. I 1996 vart det registert nær 800000 nye gjenstandar/inventarnummer ved institusjonane.
Musea hadde i alt 1,21 milliardar kroner i utgifter. Samla inntekter var 1,23 milliardar kroner. Av dette var 66 prosent, eller 811 millionar offentlege løyvingar.
Det vart utført 3 250 årsverk ved musea i 1996. Av desse var 3 000 lønna årsverk. Institusjonane hadde i alt 5 900 tilsette. Av desse var drøye 3 900 deltids- eller sesongtilsette.
Om statistikken
Statistikken for norske museum og samlingar 1996 omfattar opplysningar som er
gitt av i alt 552 institusjonar. Statistikken inneheld opplysningar om
samlingar, besøk, utstillingar, tilsette og økonomi. Svarprosenten har vore
jamn dei seinaste tre åra. Låg svarprosent tidlegare gjer at tal ikkje er
samanliknbare lenger tilbake enn til 1994.
Figur 6: Norske museum og samlingar, 1996. Tal på museum, etter type
Figur 7: Norske museum og samlingar. Tal på besøkjande i alt. 1994-1996