Justert for sesongvariasjonar har produksjonen innan nybygging auka 4prosent frå 1. til 2. kvartal i år. Auken er størst innan nybygging av bustader. Produksjonsindeksen for slike bygg gjekk opp 5 prosent denne perioden. For andre bygg enn bustader gjekk indeksen opp 3 prosent. Frå 1. til 2. kvartal i år auka produksjonsindeksen for bygg og anlegg 3 prosent. Produksjonen ligg no 7 prosent over nivået i 2. kvartal 1996.
Produksjonsindeksen for nybygg gjekk opp 12 prosent frå 2. kvartal i fjor til 2. kvartal i år. I denne perioden auka indeksen for bustadbygg 12prosent og indeksen for andre bygg enn bustadbygg 11prosent.
Frå 2. kvartal i fjor til 2. kvartal i år har produksjonen i anleggssektoren auka 9 prosent og i byggjesektoren 7 prosent. Medan produksjonen av nybygg har auka i denne perioden, er aktiviteten om lag uendra innan rehabilitering.
Figur 10: Produksjonsindeks for nybygg. Bustadbygg og andre bygg enn bustader. Sesongjustert. 1995
Om statistikken
Delindeksen for nybygg vert utarbeidd månadleg og byggjer på opplysningar om
igangsett bruksareal som vert registrert i Grunneigedoms-, Adresse- og
Bygningsregisteret (GAB). Igangsetjingstala vert konverterte til utførte eller
produserte kvadratmeter kvar månad og vekta med kvadratmeterprisar for dei
ulike bygningstypane. Det vert utarbeidd separate delindeksar for bustader og
andre typar bygg. Desse indeksseriane vert sesongjusterte.
Delindeksane for anleggsverksemd og rehabilitering av bygg byggjer på opplysningar om sysselsette i ulike typar prosjekt frå bedriftene i næringa. Utvalet er sett saman av om lag 1 600 einingar. Det er totalteljing av dei 500 største bedriftene. Bedriftene i utvalet dekkjer om lag 55 prosent av omsetningen i næringa. Det vert også henta inn tal frå kommunar og statsetatar. Desse delindeksane vert utarbeidde kvartalsvis.
Vektene i utrekninga av totalindeksen byggjer på estimat for totalt tal på sysselsette i ulike prosjekt i kvartalet. I 2. kvartal 1997 vart vekta for nybygg 40prosent, rehabilitering av bygg 33 prosent og anlegg 27 prosent.