17 prosent av dei kvinnelege og 13 prosent av dei mannlege tilsette hadde skift- eller turnusarbeid i 2. kvartal 1997. Deltidsarbeid er meir vanleg for dei som arbeider skift- og turnusarbeid enn blant tilsette i alt, 39 og 27 prosent. 21 prosent av alle deltidstilsette hadde skift- eller turnusarbeid samanlikna med 13 prosent av dei heiltidstilsette. Dette er omtrent på same nivå som 2. kvartal i fjor.
303 000 tilsette hadde skift- eller turnusarbeid i 2. kvartal 1997. Dette utgjer 15 prosent av alle tilsette, mot 16 prosent same kvartal i 1996. Skift- og turnusarbeid er framleis meir utbreidd blant kvinner enn blant menn.
Reduksjon i hotell- og restaurantnæringa
Næringar med høgt innslag av skift- og turnusarbeid er hotell- og
restaurantnæringa, helse- og sosialtenester og olje- og gassutvinning. 35
prosent av dei tilsette i hotell- og restaurantverksemda inngår i ei skift-
eller turnusordning. Dette er ein nedgang på 8 prosentpoeng frå same tid i
fjor. Denne nedgangen kjem stort sett av ein reduksjon blant kvinnelege skift-
og turnusarbeidarar i denne sektoren. Innslag av skift- og turnusarbeid i
helse- og sosialtenester er på 29 prosent, mot 30 prosent i fjor. 29 prosent av
dei tilsette i olje- og gassutvinning inngår i ei skift- eller turnusordning,
om lag same nivå som året før.
Om statistikken
Tala frå AKU er utrekna på grunnlag av intervju med eit utval personar
(24000 i kvartalet). For tal frå utvalsundersøkingar som AKU må ein ta
omsyn til utvalsvariansen ved tolking av tala. Mindre skilnader kan liggje
innafor feilmarginen.