[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 51-52, 1997

Teater-besøket

Talet på besøkjande ved teatera i Noreg gjekk litt opp i 1996 i høve til året før. Totalt vart det selt nesten 1 314 000 teaterbillettar i fjor, ein auke på 27 000 samanlikna med 1995. Den Norske Opera hadde auke i besøkstalet i fjor, og kvar framsyning i operaen vart sett og høyrt av nesten 800 personar. Størst prosentvis auke i talet på besøkjande hadde Hålogaland Teater.

Ny statistikk

Kulturstatistikk, 1996.
Statistikken er del av ein komande Noregs offisielle statistikk (NOS) Kulturstatistikk, og inngår i ein førebels rapport til Kulturdepartementet. Tabellar og meir informasjon: Knut Aarbakke, tlf. 62 88 54 49, e-post: knu@ssb.no, eller Vera Thrane, tlf. 62 88 52 57, e-post vet@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 51-52, 1997