[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse]

Ukens statistikk nr. 4, 1998

Utvalsteljing for landbruket. Jordarbeiding og gjødsling, 1996/1997:

56 prosent av gardsbruka hadde gjødselplan i 1997


I 1997 hadde 44 500 bruk gjødselplan basert på jordprøvetaking. Dette utgjer 56 prosent av alle bruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift. I 1990 hadde berre 25 prosent av bruka utarbeidd gjødselplan.
Gjødselplanane som er utarbeidde, omfattar om lag 6,3 millionar dekar, eller 62 prosent av det totale jordbruksarealet. Dette er ein auke på over 1 million dekar frå året før. Kor stor del av det totale jordbruksarealet som planane dekkjer, varierer mellom fylka.

Som i 1996 er det Nord-Trøndelag og Nordland som har den høgaste dekningsgraden med 69-70 prosent, medan Vestfold og Hordaland ligg lågast med ein dekningsgrad på 47 og 52 prosent. Dekningsgraden er langt høgare for dei store bruka enn for dei små. For bruk med mindre enn 50 dekar jordbruksareal i drift dekkjer planane 29 prosent av jordbruksareal i drift. For bruk med minst 500 dekar jordbruksareal i drift dekkjer planane 73 prosent av jordbruksarealet.

Jordarbeiding
Sidan 1992 har det haustpløgde kornarealet utgjort mellom 55 og 58 prosent av det totale kornarealet. Det haustpløgde arealet gjekk sterkt ned frå 1989 til 1992, men har sidan vore relativt stabilt. I 1996 vart 1,9 millionar dekar eller 57 prosent av korn-arealet haustpløgd, medan 1,3 millionar dekar eller 39 prosent vart jordarbeidd berre våren 1997. I 1992 vart 26 prosent av kornarealet jordarbeidd berre om våren.

Husdyrgjødsel
I 1996 vart det spreidd husdyrgjødsel på vel 3,7 millionar dekar jordbruksareal. 31 prosent av husdyrgjødsla vart spreidd på open åker. I underkant av to tredjedelar av bruka spreier all husdyrgjødsla i løpet av våronna og elles i vekstsesongen, medan 4 prosent av bruka spreier all husdyrgjødsla utanom vekstsesongen.

Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval av bruk frå den fullstendige landbruksteljinga i 1989. Om lag 15 000 einingar i utvalet hadde jordbruksareal i drift 1. juni 1997.

[Figur 15]

Figur 15: Talet på bruk med gjødselplan. 1990-1997


[Figur 16]

Figur 16: Dekningsgrad for gjødselplanane. 1997. Prosent


Tabeller

* Tabell 10-1: Jordarbeiding på areal av korn og oljevekstar til mogning 1989/1990, 1991/1992-1996/1997. Gjeld driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift

* Tabell 10-2: Bruk der det er spreidd husdyrgjødsel, spreietidspunkt og areal det er spreidd på. 1988-1996. Gjeld driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift


* Tabell 10-3: Bruk med gjødselplan og areal som gjødselsplanen dekkjer. 1990, 1992, 1993, 1995, 1996 og 1997. Gjeld driftseiningar med minst 5 dekar jordbruksareal i drift


Ny statistikk

Utvalsteljing for landbruket. Jordarbeiding og gjødsling, 1996/1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk, i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk og i Rapportar: Resultatkontroll jordbruk 1998 - Gjennomføring av tiltak mot forurensing, som vert gitt ut i april 1998. Meir informasjon: Berit Bjørlo, tlf. 62 88 55 07, e-post: bbj@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 4, 1998