[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 4, 1998

Sjøfiske etter laks og sjøaure, 1997:

Mindre fiske av laks og sjøaure


Det blei fiska i alt 405 tonn laks og sjøaure i sjøen i 1997. Dette var ein nedgang på 126 tonn eller 24 prosent frå året før. Det var stort sett nedgang i fangsten i alle fylka, og den var størst i Hordaland.
Fangsten var fordelt på 394 tonn laks og 11 tonn sjøaure. 33 prosent av laksen var under 3 kilo, 43 prosent mellom 3 og 7 kilo og 24 prosent over
7 kilo. Gjennomsnittleg vekt var 3,6 kilo, mot 4,2 kilo i 1996.

294 tonn av fisken blei tatt med kilenot og 111 tonn med krokgarn.

Førstehandsverdien av fisket i sjøen var utrekna til om lag 20 millionar kroner.

Blant kommunane hadde Namsos, Sør-Varanger og Alta dei største fangstane i 1997.

Tabeller

* Tabell 01: Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 1996 og 1997. Kommunar med størst fangst i 1997. Tonn

* Tabell 02: Sjøfiske, etter laks og sjøaure. 1996 og 1997. Tonn


Ny statistikk

Sjøfiske etter laks og sjøaure, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk og Lakse- og sjøaurefiske. Meir informasjon: Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post: mon@ssb.no.

Tabellregister


Ukens statistikk nr. 4, 1998