Totale materialkostnader gjekk i same periode opp med 1,7 prosent for riks- og fylkesveganlegg og 1,8 prosent for riks- og fylkesvegvedlikehald.
Dei totale byggjekostnadene for riks- og fylkesveganlegg og riks- og fylkesvegvedlikehald steig med 0,9 og 0,7 prosent frå 4. kvartal 1996 til 4. kvartal 1997.
Av delindeksane for riks- og fylkesveganlegg steig bruer og kaier mest med 1,7 prosent. For riks- og fylkesvegvedlikehald steig delindeksen for skilt, merking, rydding og reinhald med 1,0 prosent siste året.
Frå 3. til 4. kvartal i fjor steig dei totale byggjekostnadene og materialkostnadene for riks- og fylkesveganlegg og riks- og fylkesvegvedlikehald med 0,2 prosent. Maskinindeksen gjekk opp med 0,3 prosent i same periode.
Vasskraftanlegg
Dei totale byggjekostnadene for vasskraftanlegg steig med 0,1 prosent frå 4.
kvartal 1996 til 4. kvartal 1997. Materialkostnadene gjekk opp med 0,2 prosent
i same periode. Av delindeksane var det indeksen for fyllingsdam som steig mest
med 0,3 prosent frå 4. kvartal i 1996 til 4. kvartal i fjor.
Frå 3. til 4. kvartal i fjor steig totale kostnader for vasskraftanlegg med 0,1 prosent, medan materialindeksen gjekk ned med 0,6 prosent i same tidsrom.
Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging
av anlegg. Indeksane vert også kalla faktorprisindeksar eller
"input"-prisindeksar. Endring i produktivitet eller endringar i
fortenestemarginen til byggmeisteren/entreprenøren påverkar ikkje
byggjekostnadene. Indeksane er rekna ut på bakgrunn av prisar som er henta inn
til andre prisindeksar som Statistisk sentalbyrå publiserer.
Figur 11: Byggjekostnadsindeks for anlegg. 1. kvartal 1985
* Tabell 1: Byggekostnadsindeks for riks- og fylkesveganlegg. 1. kv. 1985=100
* Tabell 2: Byggekostnadsindeks for riks- og fylkesvegvedlikehold. 1. kv. 1985=100
* Tabell 3: Byggekostnadsindeks for vannkraftanlegg. 1. kv. 1985=100