I 1980-åra minka arbeidsinnsatsen årleg med gjennomsnittleg 6,6 millionar timeverk, medan nedgangen i 1990-åra har vore knapt 4 millionar per år.
Frå og med juni 1996 til og med mai 1997 vart det utført 161 millionar timeverk i jordbruket. Dette er 9 millionar timeverk mindre enn to år tidlegare.
Totalt vart det i 1996/97 utført 169 millionar timeverk på bruk med minst 5 dekar jordbruksareal i drift. Vel 8 millionar timeverk vart brukt i skogbruk og utmarksnæringar. Av 161 millionar timeverk i jord- og hagebruk utførte brukar og ektemake 78 prosent. Den delen som er utført av brukar og ektemake har vore om lag uendra over lengre tid.
Kvinner utførte 41 millionar timeverk i jordbruket i 1995/96, medan menn utførte 128 millionar. Også fordelinga mellom menn og kvinner har vore om lag uendra dei siste 25-30 åra.
Rogaland og Oppland hadde mest arbeid i jordbruket, med respektive 18,8 og 17,2 millionar utførte timeverk. Dette er fylke med store jordbruksareal og omfattande husdyrproduksjon. Finnmark hadde færrest utførte timeverk med totalt 1,5 millionar i denne perioden.
Færre timar per dekar og per bruk
I 1996/97 var gjennomsnittleg arbeidsinnsats per 100 dekar jordbruksareal
1609 timar. Samanlikna med 1994/95 er det ein nedgang på knapt 9 prosent
eller 4,5 prosent per år.
Per bruk gjekk arbeidsinnsatsen i gjennomsnitt ned med knapt 1 prosent frå 2152 timar i 1994/95 til 2136 timar i 1996/97. Den svake nedgangen per bruk har samanheng med at bruka stadig blir større.
Størst arbeidsinnsats per arealeining hadde Sogn og Fjordane med knapt 2900 timar per 100 dekar jordbruksareal i drift. Minst arbeidsinnsats per arealeining var det i Akershus og Østfold, med respektive 724 og 858 timar. Dei store forskjellane kjem delvis av at bruka i Sogn og Fjordane gjennomgåande er små og at fylket dessutan har stort husdyrhald, medan flatbygdene på Austlandet i stor grad driv med kornproduksjon.
Mindre arbeid utanom bruket
I tillegg til arbeid på driftseininga, arbeidde brukar og ektemake/sambuar i
alt vel 100 millionar timeverk utanom bruket i 1996/97. Dette er om lag 7
millionar mindre enn i 1994/95.
Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval bruk frå den fullstendige landbruksteljinga i
1989. Utvalet er på om lag 23 500 einingar som leverer skjema kvart år.
I tillegg til arbeid på driftseininga, arbeidde brukar og ektemake/sambuar i alt vel 100 millionar timeverk utanom bruket i 1996/97. Dette er om lag 7 millionar mindre enn i 1994/95.
* Tabell 02: Utførte timeverk, etter brukarens alder. 1 000
* Tabell 03: Utførte timeverk i jordbruket, etter fylke. 1 000