[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1998

Byggjearealstatistikk, 1997. Endelege tal:

Færrest igangsette bustader i Oslo


Oslo fylke hadde i fjor færrest igangsette bustader i forhold til innbyggjartalet, med berre 2,6 bustader per 1 000 innbyggjarar. For landet var det tilsvarande talet 4,8 bustader.
Totalt 21 342 bustader vart sette i gang i fjor. Talet er det høgste sidan 1990, og det er 14 prosent fleire bustader enn i 1996.

Lita byggjeverksemd i Oppland og Finnmark
Låg igangsetjing av bustader per 1000 innbyggjarar var det også i Oppland fylke med 3,2 og Finnmark med 3,3. Talet på igangsette bustader i forhold til innbyggjartalet er størst i Rogaland, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag fylke. I desse tre fylka vart arbeid med over 6 bustader per 1 000 innbyggjarar sett i gang.

Størst auke i bygging av terrassehus
Samanlikna med året før var det størst auke i igangsette bustader i terrassehus i 1997. Rekkjehus er den einaste bygningstypen med stor nedgang i talet på igangsette bustader. Av bustadene som vart igangsette var 71 prosent bustader i småhus, 11 prosent i blokker og 18 prosent i andre hustypar. Om lag halvparten av bustadene i småhus er igangsett i frittliggjande einebustader og om lag ein firedel i horisontaltdelte hus med inntil fire leilegheiter.

Vekst i andre bygg enn bustader
Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader i fjor var det høgste sidan 1988, og 13 prosent høgre enn året før. I alt 4 015 000 kvadratmeter bruksareal vart sett i gang til andre bygg enn bustader. Alle bygningstypar unnateke bygg for jordbruk, skogbruk og fiske har auke i igangsett bruksareal. Størst vekst er det for hotell- og restaurantbygg der igangsett bruksareal er meir enn dobla frå 1996 til 1997. For produksjonsbygg for bergverksdrift og industri og undervisings- og forskingsbygg er 30 prosent meir bruksareal igangsett.

Mest nytt bruksareal til yrkesbygg i Oslo
I 1997 vart mest bruksareal til andre bygg enn bustader sett i gang i Oslo fylke. I dette fylket vart 608 000 kvad-ratmeter bruksareal til slike bygg sett i gang. Størst auke i igangsetjinga av slikt areal var det i Østfold fylke med 85 prosent. I Telemark, Troms og Finnmark fylke var auken over 40 prosent. Berre tre fylke hadde vesentleg lågare igangsetjing av bruksareal til andre bygg enn bustader i 1997 samanlikna med 1996. Nedgangen var størst i Vest-Agder fylke med 44 prosent. I Oppland og Sør-Trøndelag var tilsvarande nedgang 20 og 25 prosent.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning i kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg enn bustader publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

I tillegg til faste publikasjonar utfører Statistisk sentralbyrå spesialoppdrag ved ynskje om andre, eller meir detaljerte opplysningar for kvartals- eller årsstatistikken. Datamaterialet vårt inneheld mellom anna informasjon om bygningstype, næringsgruppe, eigartype (kommune, stat, privat), materialar i konstruksjonar og romfordeling i leilegheiter.

[Figur 12]

Figur 12: Igangsette bustader per 1 000 innbyggjarar. Fylke. 1997


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, 1997. Endelege tal
Endelege tal kjem ut årleg i Ukens statistikk, månadsheftet Bygginfo og i serien Noregs offisielle statistikk (NOS) Byggearealstatistikk. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post:john.egil.bjorke@ssb.no.bjorke, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ingvei.seliussen@ssb.no.seliussen .

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 12, 1998