[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 15-16, 1998

Produksjonsindeks for industrien, februar 1998:

Nedgang i olje- og kraftproduksjonen


Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, indu-stri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) gjekk ned med 0,1 prosent frå januar til februar 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Totalindeksen låg 2,3 prosent over tilsvarande månad i 1997, dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk.
Produksjonen i industri og bergverksdrift auka med 0,9 prosent frå januar til februar. Den var då 4,9 prosent større enn tilsvarande månad i 1997. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer hadde ein auke på 3,9 prosent i februar. Dette heng mellom anna saman med arbeid for Åsgardfeltet i Nordsjøen.

Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 4,0 prosent frå januar til februar. Produksjonen på Nornefeltet har vore sterkt redusert på grunn av problem med oljevernutstyret. Kraftproduksjonen vart redusert med 4,9 prosent i februar.

Tabeller

  • Tabell 01. Produksjonsindeksen. Prosentvis endring

    Om statistikken
    Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

    Ny statistikk

    Produksjonsindeks for industrien, februar 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kjell Berger, tlf. 21 09 47 19, e-post: kjell.berger@ssb.no, eller Øyvind Naustdal, tlf. 21 09 47 35, e-post: oyvind.naustdal@ssb.no.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 15-16, 1998