[an error occurred while processing this directive]
Det var i 1996 61 400 bruk med areal av eng, og 19 prosent av desse sprøyta mot ugras i heile eller delar av engarealet. Sprøyta areal utgjorde vel 4 prosent av det totale engarealet.
Om lag 83 prosent av det totale kornarealet på vel 3,3 millionar dekar vart sprøyta med ugrasmiddel i 1996. Av bruka med korndyrking var det 81 prosent som sprøyta mot ugras.
Arealet av potet i 1996 er utrekna til 181 000 dekar. 81 prosent av arealet vart sprøyta mot ugras. To tredjedelar av potetarealet vart også sprøyta med soppmiddel i 1996. Arealet sprøyta med soppmiddel vart i gjennomsnitt behandla 2,8 gonger. Det meste av soppsprøytinga skjedde i kampen mot tørråte.
Nydyrking
Ved utvalsteljinga i 1997 var det også med spørsmål om nydyrking i perioden
1994-1996. Det var vel 3 700 bruk som gav opp at dei hadde teke i bruk nydyrka
areal i denne perioden, og arealet utgjorde til saman 44 100 dekar. Utgifter
til nydyrking er utrekna til knapt 2 000 kroner per dekar. Utgiftene til
dyrking skulle berre gjevast opp når andre enn eigar hadde utført arbeidet til
ein avtala pris. Arbeidsinnsats til eigar og ulønna familiemedlemmer ved
nydyrking er utrekna til 17 timar per dekar nydyrka areal.
Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval av bruk frå den fullstendige
landbruksteljinga i 1989. Om lag 15 000 einingar i utvalet hadde jordbruksareal
i drift 1. juni 1997.
Ukens statistikk nr. 18, 1998 [an error occurred while processing this directive]