[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1998

Kontrollerte slakt , 1. kvartal 1998. Førebels tal:

Auka slakting av storfe


Den offentlege kjøtkontrollen kontrollerte i alt 61 300 tonn kjøt i 1. kvartal i år. Dette er ein auke på 2 100 tonn, eller 3,5 prosent, i høve til same periode i 1997. Storfekjøt stod for nesten heile auken. Blant dei andre kjøtslaga var det berre mindre endringar.
Produksjonen av storfekjøt auka med 2 000 tonn, eller med 8,6 prosent, frå 1. kvartal 1997 til 1. kvartal i år. Kvige- og oksekjøt utgjorde det meste av auken, medan slakting av ku og kalv viste mindre endringar. I alt vart det kontrollert 25 500 tonn storfekjøt i 1. kvartal 1998. Dette utgjorde knapt 42 prosent av alt kontrollert kjøt.

Produksjonen av svinekjøt var så vidt større enn storfekjøtproduksjonen og utgjorde 26 000 tonn i 1. kvartal i år. Svinekjøtproduksjonen auka med 1,1 prosent frå same periode i 1997. Av fjørfekjøt og sauekjøt blei det produsert respektive 7 900 og 1 400 tonn i 1. kvartal år. Det er ein liten nedgang for begge desse kjøtslaga i høve til i fjor.

[Figur 9]

Figur 9: Slakt av ulike dyreslag. 1. kvartal 1996, 1997 og 1998 *. Tonn



Tabeller

  • Tabell 1. Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. 1. kvartal. Tal dyr
  • Tabell 2. Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. 1. kvartal. Tonn

    Ny statistikk

    Kontrollerte slakt, 1. kvartal 1998. Førebels tal.
    Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk.
    Meir informasjon og e-post: jardbjorg.andreassen@ssb.no, tlf. 62 88 52 36, eller ole.rognstad@ssb.no, tlf. 62 88 51 87.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 22, 1998 [an error occurred while processing this directive]