[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 25, 1998

Husdyrhald, per 31. desember 1997:

Færre bruk med husdyr


51 500 husdyrbrukarar søkte om produksjonstillegg per 31.desember 1997. Det er 2,6 prosent færre enn året før, og 18 prosent færre enn for ti år sidan.
Sidan 1987 har talet på bruk med husdyr gått mest ned i dei tre nordlegaste fylka. I Finnmark gjekk talet ned 30 prosent til 528 bruk i 1997. Vestfold var det einaste fylket med auke i talet på husdyrbruk, frå 742 bruk i 1987 til 810 i 1997. Talet på bruk med ammeku og slaktekylling har auka, medan det er nedgang for bruk med dei andre husdyrslaga.

Fleire ammekyr, færre mjølkekyr
Det blei søkt om produksjonstillegg for 1,034 millionar storfe, ein liten auke frå året før. Av desse var 321700 mjølkekyr og 26 400 ammekyr; dyr til spesialisert kjøtproduksjon. Sjølv om ammekyrne på landsbasis ikkje utgjer meir enn knapt 8prosent av kutalet, utgjer dei til dømes i Vestfold 27 prosent av alle kyrne.

Talet på mjølkekyr har gått ned 8prosent på ti år. Det er også færre som driv mjølkeproduksjon, men dei som driv har større buskapar. Av bruka med mjølkekyr hadde 9 prosent 20 kyr eller meir i 1987. Tilsvarande tal for 1997 var 12 prosent. Dei minste buskapane blir færre. Bruk med mindre enn fem kyr utgjorde 10 prosent i 1987, men berre 2,5prosent i 1997.

Færre sauer
Sidan 1987 har talet på vinterfôra sauer auka år for år for å nå ein topp i 1995 med 1,14 millionar sauer. Dei to siste åra har talet gått ned, til 1,08 millionar sauer i 1997. Nedgangen har vore særleg stor i Rogaland og Hordaland som følgje av nedslakting på grunn av skrapesjuke.

Nedgang i talet på slaktekyllingar
Etter fleire år med auke i talet på slaktekyllingar, gjekk talet ned knapt 10 prosent siste året. I perioden 1. august til 31. desember 1997 blei det sett på 10,1 millionar kyllingar til slakt.

[Figur 5]

Figur 5: Relative endringar i husdyrhaldet. 1987 til 1997. 1987=100


Tabeller

Ny statistikk
Husdyrhald, per 31. desember 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Den er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg i jordbruket per 31. desember. Meir informasjon og e-post: ragnhild.bruholt@ssb.no, tlf. 62 88 51 86, eller berit.bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 25, 1998 [an error occurred while processing this directive]