[an error occurred while processing this directive]
Dei totale byggjekostnadene gjekk opp med 0,2 prosent i denne perioden. Størst var auken for bustadblokker, med 0,3 prosent, medan auken for einebustader og rekkjehus var på 0,2 prosent. Frå mai 1997 til mai 1998 steig dei totale byggjekostnadene med 3 prosent. I denne perioden var det rekkjehus og bustadblokker som steig mest, med 3,1 prosent, medan einebustadene steig med 2,8 prosent.
Delindeksen for elektrikararbeid steig med 2,1 prosent for bustadblokker, 1,8 prosent for einebustader og 1,7 prosent for rekkjehus frå april til mai 1998. Dette kjem av lønsoppgjeret til elektrikarane.
Korrigerte tal for april og mai
Alle totalindeksane for april, med unntak av totalindeksen for
elektrikararbeid, er korrigerte i høve til tidlegare publiserte tal. I mai er
totalindeksane på tidlegare publiserte nivå korrigerte.
Totalindeksane for april og mai er førebelse, og inkluderer tillegget frå årets sentrale lønsoppgjer for stein-, jord- og sementarbeid, tømring og snikring, måling, tapetsering og legging av golvbelegg og røyrleggjar-arbeid. Totalindeksen for mai inkluderer og tillegget frå årets sentrale lønsoppgjer for elektrikararbeid. Viss det endelege lønsoppgjeret i bygg- og elektrikarfaga avvik mykje frå det tilrådde forslaget som byggjekostnadsindeksane for april og mai er regulerte med, vil Statistisk sent-ralbyrå gje ut korrigerte tal for april og mai.
Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging
av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller
«input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra
produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller
installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval
på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre
prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.
Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.
Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for
einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er
kvadratmeter bruksareal for bustader sette i gang multiplisert med
gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra
kvart år.
Tabeller
Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, mai 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad
i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post:
ase.wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller lars.henrik.thingstad@ssb.no,
tlf. 62 88 54 97.
Ukens statistikk nr. 26, 1998 [an error occurred while processing this directive]