[an error occurred while processing this directive]
4,6 millionar av gjenstandane i nors-ke museum er kulturhistoriske og 450 000 kunsthistoriske. I tillegg hadde musea nær 7,5 millionar fotografi i 1997. 68 prosent av gjenstandane var registrerte/katalogiserte. Det er ikkje formelle krav knytt til registrering av gjenstandar, men ei registrering vil som minimum innehalde opplysningar om inventarienummer, objektnemning og opplysningar om opphav.
Dei norske musea forvalta 22,8 millionar gjenstandar i 1997. I løpet av tre år har talet på gjenstandar auka med 1,8 millionar. Om lag halvparten av gjenstandane er naturhistoriske.
Færre gruppebesøk
9,1 millionar menneske besøkte norske museum og samlingar i 1997. Dette er ein
auke på 270000 samanlikna med 1996, og 450000 fleire enn i 1994.
Tala tyder derimot på ein stadig lågare del gruppebesøk. Gruppebesøka utgjorde
44 prosent av alle gjestene i 1997, medan delen var 52 prosent i 1996 og
54prosent i 1994. Det vart registrert 4,7 millionar betalande gjester i
1997. Dette utgjer 52 prosent av alle gjestene.
Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøkjing 1997 synte at 44 prosent hadde vore på museum dei seinaste 12 månadene. Delen av menn var noko større enn delen av kvinner, høvesvis 47 og 40 prosent. Tala syner og at personar med høgare utdanning gjekk oftare på mu-seum enn dei med lågare utdanning. Dei spurde hadde i snitt gått på museum 1,1 gonger dei seinaste 12 månadene.
1,22 milliardar i utgifter
Musea hadde i alt 1,22 milliardar kroner i utgifter. Samla inntekter var 1,27
milliardar kroner. Av dette var 67 prosent, eller 849 millionar, offentlege
løyvingar. Billettinntektene utgjorde 121,4 millionar, eller 9,6 prosent, av
totale inntekter. Andre eigeninntekter kjem hovudsakleg frå sal,
oppdragsverksemd, utleige, gåver, fond og sponsorar.
Det vart utført 2930 årsverk ved musea i 1997. Av dette var 2700 lønna årsverk. 1 720 årsverk var i faste stillingar. Institusjonane hadde i alt 5420 tilsette. Av dette var 3540 deltids- eller sesongtilsette.
Det har vore ein kraftig nedgang i talet på engasjerte på arbeidsmarknadstiltak
dei seinaste åra. I 1997 vart det utført 207 årsverk av i alt 408 personar,
medan motsvarande tal for 1994 var 648 årsverk og 1170 personar.
Tabeller
Figur 4: Norske museum og samlingar. 1997. Tal på museum, etter type
Figur 5: Norske museum og samlingar. Tal på besøkjande. 1994-1997
Om statistikken
Statistikken for norske museum og samlingar 1997 omfattar opplysningar som er
gjevne av i alt 539 institusjonar. Statistikken inneheld opplysningar om
samlingar, besøk, utstillingar, tilsette og økonomi. Svarprosenten har vore
jamn dei seinaste fire åra. Låg svarprosent tidlegare gjer at tal ikkje er
samanliknbare lenger attende enn til 1994.
Statistikken over museumsbesøk dei siste 12 månadene er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøkjing 1997. Meir detaljerte tal om nordmenn sine museumsvanar finst i "Norsk kulturbarometer 1997" (Statistiske analysar nr. 25).
Ny statistikk
Kulturstatistikk. Norske museum og samlingar, 1997.
Statistikken kjem ut
kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post:
thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71, eller vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88
52 57.
Ukens statistikk nr. 32, 1998 [an error occurred while processing this directive]