[an error occurred while processing this directive]
Den totale ordretilgangen for industrien gjekk kraftig opp samanlikna med 1. kvartal i år, den auka og i forhold til same kvartal i fjor.
Den innanlandske ordretilgangen for industrien auka med 25 prosent frå 1. til 2. kvartal i år. Auken kjem i hovudsak av store ordrar innanfor plattformindustrien i samanheng med at Snorrefeltet vert bygd ut. Andre næringar opplever derimot lågare etterspurnad.
Ordretilgangen frå eksport fall frå 1. til 2. kvartal i år med 2 prosent, noko som i stor grad kjem av sviktande etterspurnad innanfor transportmiddelindustri (skipsverft) og elektroteknisk og optisk industri. Tala viser den årlege endringa i trendserien, rekna på grunnlag av endring frå føregåande kvartal. Dei totale ordrereservane er om lag på same nivå som tidlegare.
Nedgang for transportmiddelindustrien
Transportmiddelindustrien sin ordretilgang gjekk ned om lag 60 prosent, likevel
er ordrereservane framleis store. Den markerte nedgangen må sjåast i lys av den
store ordretilgangen mot slutten av fjoråret. Reduksjonen i verftsstøtta frå
1998 gav som resultat stor ordretilgang før årsskiftet.
Andre næringar
Næringar som metall- og metallvareindustri, maskinindustri og elektroteknisk og
optisk industri har hatt lågare etterspurnad frå heimemarknaden, når ein ser på
den årlege endringa i trendserien. Samla ordretilgang for metall- og
metallvareindustri er på om lag same nivå som føregåande kvartal,
etterspurnaden mot den eksportretta aluminiumindustrien auka.
Om statistikken
Undersøkinga omfattar utvalde industrinæringar, og kartlegg mellom anna verdien
på nye ordrar som er mottekne i teljekvartalet og ordrereservar ved utgangen av
kvartalet - begge målt i gjeldande prisar for kvartalet. Resultatet vert
presentert i form av elementære verdiindeksar, dette til forskjell frå
volumindeksar. I publiseringa av ordrestatistikken kan tal for tidlegare
kvartal bli reviderte på grunnlag av ny informasjon frå oppgåvegjevarane.
Endelege tal vil normalt liggje føre etter ett til to kvartal. Svarprosenten
for undersøkinga er om lag 95 ved publiseringstidspunktet.
Figur 8: Ordretilgang totalt og etter marked. Trend. 1995=100
Ny statistikk
Ordrestatistikk. Industri, 2. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut kvart
kvartal i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: pal.bakken@ssb.no, tlf.
21 09 47 46, eller jacob.a.osnes@ssb.no, tlf. 21 09 47 24.
Ukens statistikk nr. 34, 1998 [an error occurred while processing this directive]