[an error occurred while processing this directive]
Det blei kontrollert 47 600 tonn storfekjøt i 1. halvår 1998, ein nedgang på 135 tonn frå 1. halvår 1997. Nedgangen var størst for ku- og kalvekjøt med respektive 2 og 19 prosent.
I 1. halvår 1998 kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 116 900 tonn kjøt. Dette er ein nedgang på 3 600 tonn samanlikna med same periode i fjor. Størst nedgang er det for svin med 1 300 tonn og fjørfe med 2 000 tonn.
Av det kontrollerte slaktet i 1. halvår 1998 utgjorde svinekjøt 43 prosent, storfekjøt 41 prosent og fjørfekjøt 13 prosent. Det har vore nedgang i talet på slakt for alle dyreslaga. Nedgangen var størst i talet på svineslakt med 27 100 færre slakt enn i 1. halvår 1997. Sidan 1994 har produksjon av hestekjøt gått ned med 130 tonn eller 33 prosent. I same perioden har produksjon av kalvekjøt gått ned med 790 tonn eller 59 prosent. For dei andre dyreslaga har det vore auke i kjøtproduksjonen. Produksjonen av svinekjøt har auka med 5 600 tonn.
Om statistikken
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og andre via
Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret blir administrert av
Landbruksdepartementet.
Ny statistikk
Kontrollerte slakt, 1. halvår 1998. Førebels tal.
Statistikken kjem ut
kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS)
Jordbruksstatistikk. Meir informasjon og e-post: jardbjorg.andreassen@ssb.no,
tlf. 62 88 52 36, eller berit.bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.
Ukens statistikk nr. 36, 1998 [an error occurred while processing this directive]