[an error occurred while processing this directive]
17 prosent av dei kvinnelege og 14 prosent av dei mannlege tilsette hadde skift- eller turnusarbeid i 2. kvartal 1998. Denne typen arbeidstidsordning er mest utbreidd blant deltidstilsette. 20 prosent av dei deltidstilsette, mot 13 prosent av dei heiltidstilsette, hadde skift- eller turnusarbeid. Dette er om lag på same nivå som i 2. kvartal i fjor.
310 000 tilsette hadde skift- eller turnusarbeid i 2. kvartal 1998. Det utgjer 15 prosent av alle tilsette, det same som i 2. kvartal 1997. Skift- og turnusarbeid er framleis meir utbreidd blant kvinner enn blant menn.
Mest vanleg i hotell- og restaurantnæringa
Størst innslag av skift- og turnusarbeid er det i hotell- og restaurantnæringa
(40 prosent), i helse- og sosialtenester (29 prosent) og i olje- og
gassutvinning (35 prosent). Samanlikna med tala for 2. kvartal i fjor, har det
vore ein oppgang i delen med skift- og turnusarbeid i hotell- og
restaurantnæringa og i oljebransjen med 5-6 prosentpoeng
Om statistikken
Tala frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) er utrekna på grunnlag av intervju med
eit utval av befolkninga (24 000 i kvartalet). For tal frå utvalsundersøkingar
som AKU, gjeld at ein må taka omsyn til utvalsvariansen ved tolkingar av tala.
Mindre forskjellar kan liggja innanfor feilmarginen..
Ny statistikk
Arbeidskraftundersøkelsen. Arbeidstider og kursdeltakelse, 2. kvartal 1998.
Statistikken utgis årlig i Ukens statistikk.Mer informasjon:
Katrine.Linnerud@ssb.no, tlf. 21 09 44 58, Tor.Petter.Bo@ssb.no, tlf. 21 09 47
87, Inger.Haland@ssb.no, tlf. 21 09 47 80, eller Ole.Sandvik@ssb.no, tlf. 21 09
45 77.
Ukens statistikk nr. 41, 1998 [an error occurred while processing this directive]