[an error occurred while processing this directive]
Alders- og kjønnsskilnadene går fram av ei undersøking om bruk av folkebibliotek som Statistisk sentralbyrå nyleg har gjennomført.
Medan 63 prosent av befolkninga i aldersgruppa 12-15 år har besøkt folkebiblioteket under dei tre siste månadene, gjeld dette berre 22 prosent i aldersgruppa 65-79 år. Av kvinnene i befolkninga har 40 prosent besøkt folkebiblioteket i denne perioden, mot berre 26 prosent av mennene.
Når vi held oss berre til bibliotekbrukarane, det vil seie dei som faktisk har besøkt folkebiblioteket minst ein gong dei tolv siste månadene, og ser på kor ofte dei besøkjer folkebiblioteket, er skilnadene mindre. I dei fleste aldersgrupper har om lag ein tredjedel gått på biblioteket ti gonger eller meir under dei tolv siste månadene, men vi finn eit sprang mellom dei to eldste aldersgruppene: 28 prosent av brukarane i alderen 45-64 år har besøkt biblioteket så ofte, mot heile 45 prosent av dei i alderen 65-79 år. Dette viser at når dei aller eldste først brukar biblioteket, brukar dei det gjerne ofte.
Kvinnelege og mannlege bibliotekbrukarar stiller likt i kor hyppig dei går på folkebiblioteket: 34 prosent av dei kvinnelege bibliotekbrukarane og 32 prosent av dei mannlege bib-liotekbrukarane gir opp at dei har vore på folkebiblioteket ti gonger eller meir under dei tolv siste månadene.
Stabil bruk av folkebiblioteket
Dei ti siste åra har bruken av folkebiblioteket vore svært stabil. 33 prosent
av befolkninga har besøkt folkebiblioteket under dei tre siste månadene, og 47
prosent under dei tolv siste månadene. Ei tilsvarande undersøking frå 1988
synte at 30 prosent av befolkninga hadde besøkt biblioteka under dei tre siste
månadene, og 45 prosent under dei tolv siste månadene.
Brukarane er nøgde med bibliotektenestene
Svært mange av bibliotekbrukarane, heile 87 prosent, seier seg heilt eller
delvis einige i at "biblioteket har eit stort og variert utval av eldre og
nyare bøker". Talet for dei som er nøgde med biblioteket sine lokale er også
svært høgt, 82 prosent. I forhold til 1988, er ein større del av brukarane i
dag nøgde med folkebiblioteket sine tenester enn brukarane var for ti år sidan,
då dei tilsvarande tala for desse to aspekta var 71 og 69 prosent.
Om statistikken
Undersøkinga fann stad i perioden mai-juli 1998 som ein del av Statistisk
sentralbyrå si omnibusundersøking. Ho vart gjennomført som ei
intervjuundersøking, med eit landsomfattande utval på 1326 personar i
alderen 12-79 år.
Ny statistikk
Bruk av folkebibliotek,1998.
Statistikken vert publisert i Rapport
98/19. Meir informasjon: Heidi.Kristin.Reppen@ssb.no, tlf. 21 09 44 73.
Ukens statistikk nr. 44, 1998 [an error occurred while processing this directive]